Deretter går turen til Barentshavet og loddefiske, før dei set kursen vestover etter kolmule.

- Då tek vi om bord den nye kolmuletrålen vi har fått bygt her på Mjølstaneset, seier reiaren på ein av dei største pelagiske trålarane i landet.

Han venta ikkje så mange overraskingar på prøveturen, men rekna med at både båt og utstyr ville vise seg å fungere som forventa. Sjølv om dette er ein båt som tek til å bli fjorten år gammal, er han lite brukt og blei for berre eit par år sidan oppgradert for tretti millionar kroner på forlenging og fornying av utstyr.

- Dei 16.000 timane båten har gått tilsvarar ikkje meir enn eit par års drift med ein båt som Remøy. Han er dermed veldig lite brukt, og vi meiner vi har gjort eit godt kjøp, seier Remøy.

Mannskapet har allereie gjort seg godt kjende med båten etter at dei har fått vere med på dei siste turane før eigarskiftet.

Eit godt verktøy

Dagens Nordsjøbas er den femte i rekkja av båtar med same namn etter at den fyste kom ut for vel femti år sidan. Båten er kjøpt frå Shetland, og erstattar forgjengaren som reiarlaget skaffa seg så seint som i 2015. Remøy ser ikkje behov for noko snarleg utskifting av båten dei no har skaffa seg.

- Nei, vi trur det skal bli eit godt verktøy dette, seier Remøy om båten som er både større, sterkare og lastar dobbelt så mykje som forgjengaren.

Lastevolumet på 2080 kubikkmeter tilsvarar nesten det same som på dei største ringnotbåtane.

Sluttar med ringnot

Ringnot har vore ein viktig del av drifta heilt sidan fyrste Nordsjøbas kom i 1967. Men no er det slutt. Sjølv om også denne båten er rigga for ringnotfiske, blir han ein rein trålar for dei nye eigarane.

- Dette er ei vudering vi har gjort med bakgrunn i kvotar og kva som vil vere best reint driftsøkonomisk, seier Remøy.

Frå no av skal dei også ta silda og makrellen med trål. Remøy fortel at reiarlaget har ei rimeleg stor sildekvote, men makrellkvoten er ikkje større enn at den godt kan takast med trål utan at det vil ha noko særleg å bety på inntektssida.

- Vi har kome til at ringnotutstyr kostar for mykje i forhold til det vi får tilbake, seier han.

GODT VERKTØY: Nye Nordsjøbas klar for prøvetur etter å ha teke om bord trålutstyret ved Egersund Herøy. Båten er større, sterkare og lastar dobbelt så mykje som forgjengaren. Foto: Jann Flatval