Etter å ha avslutta eit anna installeringsprosjekt, er fleirbruksskipet til Olympic Subsea klart for nytt oppdrag.

Skipet er engasjert av det hollandske selskapet Van Oord til å arbeide med installasjon av vindmøller på det store havvindprosjektet East Anglia One.

Fyrst skal båten innom Nederland for å installere ein SMST gangveg, før kursen blir sett mot vindmølleparken utfor kysten av sydaust-England.

Minst eit halvt år

På Olympic Subsea si heimeside blir det meldt at ein del av mannskapet allereie har fullført teoretisk og praktisk trening hos SMTS for å operere gangvegen som går frå skipet til vindmøllene.

Mellom dei to oppdraga har Olympic Taurus lege nokre dagar på Mjølstaneset og gjort klart for det nye oppdraget som etter reiarlaget sine opplysingar vil halde båten engasjert i minst seks månader.