Onsdag kveld var det duka for handballkamp i Herøyhallen. Sjølv om det er midt i vinterferien var det godt med frammøte av publikum.

Oppgjeret stod mellom Stryn og Bergsøy. Det kan seiast at heimelaget, som for augneblikket ligg på sjuandeplass på tabellen, var førehandsfavorittane i kampen. Stryn ligg på ein ellevteplass og Bergsøy-trenar Igor Dokmanovic har tidlegare sagt til avisa at dette var ein kamp dei rekna med å vinne.

Nivået steig

Og siger blei det for heimelaget. Den var ikkje klar i starten, då Stryn tok leiinga tidleg i dei fyrste minutta. Men etter ti minutt var Bergsøy godt med i kampen. Forsvarsspelet tok seg opp og dei stengde målet for Stryn. Godt ut i fyrste omgang tok dei leiinga i kampen og såg seg ikkje tilbake. Stillinga var 17–14 til pause.

– Fyrste omgang var litt spennande. Vi spelar så ein fenomenal andreomgang. Det er kjekt å sjå at nivået til herrane stig utover i kampen. Vi slurvar litt i starten, men får orden på det raskt. Vi spelar spesielt godt forsvarsspel og får bruke mykje meir av laget i andre omgang, forklarar ein nøgd trenar, Dokmanivic, etter kampen.

Kampen enda med ein knusande heimesiger, 39–28. På toppscorarlista finn vi Evaldaz Grieze med 14 mål, Emil Raknes med 7 mål og Zilvinas Grieze med 6.

Rå kamp

Det kan nemnast at det var ein del trøyedraging og høglydt usemje på bana då dei to laga møtte kvarandre. Dommaren måtte fram med fleire to-minuttarar, gule kort og eit raudt kort.

Neste kamp

Neste kamp blir truleg eit spennande oppgjer. Då møter Bergsøy Stord i Stordhallen. Det er eit lag som har like mange poeng som Bergsøy og ligg på 6.-plass på tabellen. Då Stord møtte Bergsøy i Herøyhallen i fjor, slo dei heimelaget med eit mål 26–25.

Zilvinas Grieze: Zilvinas sette som vanleg fleire mål for Bergsøy, 6 mål i denne kampen. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Evaldas Grieze: Toppscoraren var som vanleg Evaldas som putta inn 12 solide mål for heimelaget. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Publikum: Det var rimelig mange folk på tribunen trass i at det er vinterferie. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Igor Dokmanovic: Trenaren sytest det var ein god heimekamp, og Bergsøy leverte som han venta. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik