I 2013 løyvde Stortinget 350 millionar for å gjere denne jobben. Etter det har det balla på seg, og balla på seg. Det er utført mykje meir byggearbeid enn planlagt, og alle kalkyler har sprukke. Kva hjelper det å legge planar, når ingen hugsar kvar dei har lagt planane.

Førre torsdag gjekk Ida Børresen av som stortingsdirektør, kanskje ikkje eit stort offer, ho skulle slutte av naturlege grunnar i april.

Det vart kjent at oppussinga av nabobygninga, Prinsens gate 26, og litt til, kjem til å koste ufattelege 2.3 milliardar kroner. Ja, du las rett.

Tenk deg at du vil pusse opp huset ditt, og du hentar inn fleire anbod på jobben, og du vel det anbodet som er billegast, og som du trur er best.

Banken er positiv, og yter deg eit lån til føremålet. Når du er godt i gang med oppussinga, finn du ut at du vil bygge ei dobbelgarasje, og legge varmekablar i oppkøyrselen. Heilt utanom anbodet vel du å legge dyr hollandsk pannestein på taket, og du byggjer eit fint lysthus i hagen.

Etter kvart finn du ut at det hadde vore nauta kjekt å hatt eit naust. Pytt, pytt, eit naust frå eller til, tenker du, og går i gang. Du rundar av kjøpefesten med å byggje ein ny veg ned til sjøen, og asfalterer den. Ingenting av det du har funne på, i tillegg til oppussinga, er kalkulert eller finansiert. Store rekningar byrjar å strøyme inn, rekningar du ikkje har pengar til å betale.

Som privatperson kan du berre ikkje gjere det på denne måten, du er nemleg personleg ansvarleg, du har ingen andre å sende rekningane til. I verste fall blir du slått personleg konkurs, og sett under administrasjon av namsmannen, som tek bilen og båten din i pant. Nei, ikkje tenk meir på det, då er det kjekkare å vere Byggmeister Bob i det offentlege, mykje kjekkare. I det store offentlege sluket er det alltid nokon annan å skulde på, alltid nokon å sende rekninga til, og alltid nokon å gøyme seg bak, når ein kjenner seg truga av kritiske røyster.

Så kan ein by journalistane på det tradisjonelle svadasvaret: «Vi tek sjølvkritikk og skal gå gjennom våre rutinar på nytt, ein skal ikkje sjå bort frå at det ligg ei viss læring i dette prosjektet». Hurra! Byggeskandalen ved Stortinget minner om heime åleine - festane vi hadde som unge. Då slo vi til og med av lyset, og det har Stortingets presidentskap også gjort.

I presidentskapet sit det seks personar, frå ulike politiske parti, og dei som prøvar å slå partipolitisk mynt på dette, møter seg sjølv i døra. Eg understrekar at det er presidentskapet som har det formelle ansvaret for byggeskandalen, eit ansvar dei sjølvsagt aldri skulle ha hatt. Stortingets presidentskap har fått sterk kritikk av både sine eigne og av Riksrevisjonen. Stortingets administrasjon skal vere festbrems og stille kritiske spørsmål. Dei har sikkert skrua stereoanlegget på fullt, snudd ryggen til, og kasta seg ut i dansen rundt gullkalven. Men noko må dei ha fått for pengane? Ja, det blir bygt eit nytt vare -og postmottak, og her er kravet til tryggleik stort, det skjønar eg. Ein ny 260 meters lang tunnel heilt frå Rådhusgata er blitt ein del av prosjektet. Kostnadsoverslaget for tunnelen var i utgangspunktet 100 millionar kroner, no har prisen auka til 400 millionar kroner. Tunnelen har sikkert ikkje blitt utgreia like mange gongar som Stad Skipstunnel.

Men kva konsekvensar bør dette få for Stortingets presidentskap.? Jau, dei seks personane bør overlate plassane sine til nokon andre, viss ikkje er dette ei dyr bøn om politikarforakt.

Eg kan gjere lite, men når eg skal gjere opp status for mitt bidrag til fellesskapet i april/mai, vurderer eg å sende eit kort brev til skatteetaten med fylgjande ordlyd: «Eg har diverre ikkje peiling på kor mykje eg tente i 2017, det er ikkje sikkert eg finn det ut heller. Eg seier meg svært lei for dette, og tek sjølvkritikk. Eg vil gå gjennom alle mine rutinar på nytt»

Ha ein billeg fredag