Remøy kom denne veka til Ålesund fullasta med sei. Fangsten på 900 tonn var teken på fire veker med tråling i Nordsjøen og langs norskekysten, og hadde ein verdi på om lag 12 millionar kroner.

-No satsar vi på å ta resten av seikvota før vi går nordover på rekefiske, seier ein godt fornøgd reiar Olav Remøy.

Seifisket i Nordsjøen har gitt båten eit godt grunnlag å byggje vidare på før torske-, hyse og rekekvotene skal takast. Bortsett frå når det gjeld den minste seien, kan Remøy gle seg over stigande prisar på dei fleste kvitfiskslaga.

-Prisane er stigande på alt, så dette ser lovande ut, seier Remøy.