Hotellet har falle tre plassar sidan i fjor, og hamnar dermed på ein tiandeplass på Berg Hansen si rangering. Det er hotelldirektør Günther Dahler godt fornøgd med.

– I fjor hadde hotellet vårt «nyheitas verdi». Vi var det første design-hotellet til Thon, og såleis kunne vi nesten vente å hamne i eit positivt lys. No har det kome fleire slike hotell, så at vi likevel klarer å halde oss på lista er bra, seier han.

Hotell-favorittane er røysta fram av Berg Hansen sine kundar, som kjem frå heile landet.

– Eg er frykteleg stolt over at vi greier å hevde oss i vesle Fosnavåg. Dei som har røysta er beinharde forretnings- og konferansekundar. Eg reknar med at dei finn liknande fasilitetar både i Ulsteinvik og andre plassar, så det må vere andre grunnar til at dei vel Fosnavåg, seier Dahler.

Kanskje det er menneska som er avgjerande?

– Tilbakemeldingane viser at vi har høgna oss litt på service, og frukosten vert framheva endå litt meir. Og så får vi fleire tilbakemeldingar på lokale aktivitetar, seier Dahler.

I fjor valte nemleg å hotellet å «pakketere» stadig fleire turar for gjestane.

– Personleg hadde eg 39 turar til Runde, der eg sjølv var guide for gjestane. Det var ikkje noko vi tok ekstra betalt for. Vi gjorde det for at dei skulle få oppleve noko, seier Dahler.

Høg skår blant turistane

Det er ikkje berre for forretningskundane at det lokale hotellet utmerker seg. På «Booking.com» er Thon Hotel Fosnavåg «rata» på 9,2 av 10 moglege poeng, og på Tripadvisor har dei ein skår på over 4,5 av 5 moglege poeng.

– Då får du automatisk sertifikatet «Excellent» i Tripadvisor si verd. Det har vi hatt i over eit år, seier Dahler.

God auke i fjor

I 2017 hadde hotellet ein auke på 12 % i antal overnattingsdøgn samanlikna med 2016.

– Det er vi godt nøgde med. Når vi greier å auke belegget, aukar også prisane. Folk synest vi er såpass attraktive at dei er villige til å betale meir for å kome til Fosnavåg. Det er eit teikn på at vi driv sunt, seier hotelldirektøren.