Matroselevane ved HVS er 14 i talet, og vi tok ein liten prat med tre av dei om sine erfaringar på offshorefartøy, fiskebåt og kystvaktskip. Herøyværingen Marius Sporstøl Leine fekk arbeidserfaring på fiskebåten Herøy, Celine Ramsevik Nygård frå Rovde hadde fem veker om bord PSV-skipet Havila Foresight, og Jonas Våge Overå frå Ulstein gjorde jobben om bord KV Nordkapp i tre veker, samt ei veke på Frøy Merlin.

Elevane er godt skikka til å kunne ha arbeidspraksis på ulike fartøy, etter å ha gjort unna sikkerheitskurs og ein heil del andre kurs.

- Eg meiner at maritime fag passar godt for jenter. Å vere ute i november og desember kan vere ein skikkeleg test, med mykje vêr og vind, og vi har fått erfare mykje i løpet av desse vekene. Utplasseringa er spesielt viktig fordi vi får sjå om vi likar eit slikt arbeid, og vi blir kjende med krav og reglar som gjeld. Eg likte godt at arbeidet er variert og at det er turnusarbeid, fortel Celine.

Lysten på fiskeri

Celine kunne sjølv tenke seg å gjere unna læretida innan fiskeri, og møte utfordringane som er der. Mora hennar har mellom anna arbeidd på ein trålbåt, og Celine kan dermed hente ekstra erfaringar heimafrå.

Marius på si side har fått fire til fem veker om bord fiskebåten Herøy, kanskje ikkje så rart, sidan faren allereie jobbar innan fiskeri.

- Eg er lysten på å arbeide med fiskeri, og fekk vere med på ringnotfiske og fiske etter nordsjøsild og NVG-sild. Vi fiska i Nordsjøen, og eg fekk også vere med til Danmark for lossing av fisk. Praksistida er svært lærerik, der eg mellom anna sat bruvakt i lag med kaptein og styrmann, og fekk mange nyttige tips, seier Marius.

Ingen problem med sjøverk

Marius, Celine og Jonas hadde ingen større utfordringar med sjøverk.

- Nei, det gjekk veldig greitt. Eg var kanskje litt sjøsjuk i ein dag eller to, men det gjekk raskt over, fortel Jonas.

Jonas fekk tre veker om bord KV Nordkapp og ei veke på avlusingsbåten Frøy Merlin, og er strålande fornøgd med utplasseringa der. – Vi vart drilla i det meste. Vi hadde masse øvingar, to brannøvingar per veke, helikopterøvingar med naudlanding, og mykje anna. Livet om bord var sosialt og gøy. Eg har hatt ei kjempefin utplassering og fått lære mykje. Eg kan absolutt anbefale maritime fag, fortel Jonas. Celine og Marius er godt samde med han.

- Elevane held eit høgt nivå

Lærar Bodvar Skrede har mange godord å seie om elevane han har fått i år, og ikkje utan grunn. – Dette er ein veldig flott gjeng som held eit høgt nivå, utan tvil. Dei har fått veldig gode, solide tilbakemeldingar i utplasseringsperioden og dei tek ting veldig fort. Det er berre å pøse på med nyttig fagstoff, og sørge for at dei har nok utfordringar, seier han.

Bodvar og elevane vil elles takke den maritime næringa i området vårt for stor velvilje med å ta i mot elevane til utplassering – trass i at det er litt utfordrande tider innan næringa. Det er gull verdt for skulen, og ikkje minst elevane sjølve, som i løpet av sommaren og hausten truleg vil kome seg ut på ulike fartøy i læretida si.