På kommunestyret i Sande den 6. februar blei det diskutert om nettbasert undervisning kan vere eit alternativ for å gjere innsparingar på skulane ute på Sandsøy og Kvamsøy.

– Det vil kunne halvere talet på dei tilsette på dei to skulane her ute, sa Ove Myklebust (Sande vest).

Olav Myklebust frå Sp repliserte at han håpar dei slepp å erstatte pedagogen med ei datamaskin.

Denne debatten har fått utdanningsforbundet i Sande til å reagere. I ei høyringsuttale sendt til Sande Kommunestyre heiter det:

– Nettundervisning er eit tilbod for å utfylle normal undervisning for elevar i Noreg. Det kan ikkje erstatte lærar.

Vonbrotne

Vidare i brevet skriv dei at tanken er eit feilskjer for dei som yrkesgruppe.

– Elevar har krav på tilpassa undervisning og læraren vurderer dette gjennom kommunikasjon med eleven.

Utdanningsforbundet i Sande meiner det er uforståande at det i det heile vert vurdert av kommunen at lærarar kan bytast ut med undervisning på nettet.

– For oss er dette teikn på manglande forståing for undervisings-situasjonen. Det vert opplevd som skuffande at vår daglege innsats for opplæring av born ikkje verkar å ha særleg stor verdi. Vi er både skuffa og vonbrotne over dette synet på vår yrkesgruppe. Sam,spelet mellom elevar og lærarar er bygd på kontakt og nærleik, heitar det i brevet.

Vestlandsnytt har vore i kontakt med ordførar Dag Vaagen. Han seier at dei tek imot alle slike meiningar med opne armar. Han presiserer at det ikkje er fatta noko vedtak og at det på dette stadiet er viktig å sjå på fleire moglegheiter. Denne høyringsuttalingen blir seriøst behandla. Han vil ikkje kommentere innspelet vidare på dette stadiet.