– For kvart år som går, nærmar vi oss stupet. Om ikkje trenden snur, vil Fosnavåg ende opp som ein spøkelsesby, kanskje innan fem år.

Det seier dagleg leiar, Jon Robert Moen, ved Meny Fosnavåg.

Sjølv klarer han seg relativt bra. Butikken, som mellom anna satsar på lokalproduserte varer og kortreist mat, er med på å trekke tilreisande til Fosnavåg. Men han merkar at sentrum er stille.

Vi hadde ein nedgang på omtrent 8 prosent i fjor i forhold til året før. Det skuldast i hovudsak at vi har fått ein ekstra matbutikk i Fosnavåg. Men vi merkar også at der er mindre folk i sentrum. Fleire av butikkane har meldt om «tidenes dårlegaste januar», seier Moen.

Mykje tyder på at netthandel er årsaka.

– Vi har Post i butikk, og ser kor mykje netthandelen har auka dei siste åra. Det er ingen tvil om at det er ei medverkande årsak til at butikkane i Fosnavåg slit, seier Moen.

Å handle på nett er lettvint, samtidig som ein ofte kan gjere «eit varp», ettersom kvantuma er så store at prisane vert lågare enn om ein skulle kjøpe dei frå ein fysisk butikk.

– Butikkane i Fosnavåg klarer aldri å konkurrere med nettet på pris. Så ja, du sparer nokre kroner på å handle på nett. Men samtidig seier du nei til lokalbutikken din, og det får konsekvensar. Vil vi ha eit aude sentrum? Eller vil vi ha butikkar å gå til, der vi kan få kvalitet, personleg hjelp og ekspertise, spør Jon Robert Moen.

Satsar på unike produkt

I tillegg til Jon Robert Moen sitt eiga merke, «Moens mat», sel Meny Fosnavåg produkt frå lokale leverandørar som Madelynn Coffee, Leinebris, Marine Harvest og Njardar.

Satsinga har mellom anna ført til aukande pågang frå tilreisande, spesielt i helgane.

– Tilreisande tek seg gjerne god tid i butikken, og så finn dei masse varer som dei ikkje finn der dei bur, seier Moen.

Han trur turisme vil vere eit ekstra bein å stå på.

– Hotellet er ein stor bidragsytar. Sjansen er stor for at dei som overnattar der stikk ein tur nedom sentrum, seier han.

Kva då om sentrum er daudt?

– Eg trur enkelte bør gjere noko med opningstidene sine, seier Moen.

Utvida opningstider

Den tanken er han ikkje åleine om. Helen Sævik ved Style er ei av dei som strekkjer seg langt for å vere tilgjengeleg for potensielle kundar.

– Eg set gjerne opp døra fredag kveld. Då kjem gjestane frå hotellet, og då får eg sal, seier ho.

Dei lokale kundane let i større grad vente på seg.

– Det er så daudt i bybildet at ein kan ha lett for å miste motet. Folk reiser vekk i helgane og legg storhandelen andre plassar, eller dei sparer 50 – 100 kroner på å handle på nett. Det meiner eg dei skal tenkje seg nøye om før dei gjer. Folk må vakne, elles dør sentrum, seier Sævik.

Trass mindre pågang frå lokale kundar, klarer ho seg greitt.

– Men eg hadde ikkje kunne drive i Fosnavåg viss eg ikkje også hadde hatt nettutsal.

Er komen for å bli

Jan Erik Myrseth ved G-sport Fosnavåg seier at om lag 35 prosent av salet på butikken skjer mellom klokka 16 og 18.

– Nettet er ope 24/7. Då kan vi ikkje innskrenke opningstidene, men må følgje trendane. Netthandelen er komen for å bli, og er noko vi må forhalde oss til. Difor må vi jobbe hardt for å gi den personlege servicen og ekspertisen som folk ikkje får på nett, seier han.