Tysdag inviterte Herøy Sogelag i samarbeid med Herøy folkebibliotek til bokkveld på biblioteket. Foredragshaldaren var forfattaren Asgeir Ueland. Han har skrive boka «Shetlandsgjengen». Boka kom i 2017 og handlar om aktiviteten på norskekysten i perioden 1940–1945.

Dedikert til Sporstøl

– Grunnen til at eg no held eit foredrag i Fosnavåg og på Sunnmøre er etter ein avtale eg hadde med avdøde Roald Sporstøl. Han var ein uvurderleg hjelpar i arbeidet. Derfor dedikerer eg også boka til denne flotte mannen, forklarte Ueland.

Dette var introduksjonen som forfattaren gav til foredraget då han trefte eit fullsatt forsamlingslokale på biblioteket.

Innleiingsvis blei det vist ein film av Tomas Adam i Fosnavåg spesialkommando, med blant anna Hitra i stormande havkast på veg til Shetland. Deretter var dei neste 45 minutta vigde til historieforteljing og høgtlesing frå boka til Ueland.

Ryggrada i Shetlandsgjengen

Det var mange historier som kom fram i lyset. For dei frammøtte var det kanskje ekstra stas å få høyre om starten av shetlandsfarta tidleg i 1941. I denne perioden fokuserte nemleg Ueland spesielt på August Nærø, Mindor Berge, Ivar Brekke og Gunvald Bergsnes som rømde med båten «Mars» i januar 1941.

Ueland hevdar at desse fire vart ryggrada i Shetlandsgjengens første sesong, og seinare.

– Sjøfolk frå Herøy var heilt sentrale i den fyrste sesongen. Folk om bord på «Mars» var såleis veldig viktige. Det var den skøyta som hadde flest turar og var nesten den einaste båten som gjekk frå Noreg så tidleg.

Han er svært imponert over at ungdommen, berre etter få veker, kasta seg ut i den livsfarlege skøytetrafikken som etter krigen hadde kosta 44 nordmenn livet.

Spennande arkivfunn

Det har vore mykje arkivstoff som har mangla når det kjem til historia rundt Shetlandsgjengen. Dette har Ueland for alvor gjort noko med. I tre år har han arbeidd og 50 000 dokument er saumfare. Blant dei fann han også gull.

– Eg fann blant anna detaljerte rapportar om turane til karane ombod i «Mars». Det var ein skikkeleg hurra-augneblink for meg, fortel forfattaren.

Dramatisk forteljing

Ei av historiene han fann var om då gjengen hadde fått i oppdrag å sette inn nokre agentar i Herøy i februar 1941. I Herøy er det mange flyktningar på denne tida og gjengen bestemmer seg for å snu og reise tilbake til Shetland med uforretta sak.

– Det heile ender med at dei i fluktforsøket blir jaktatt og jaga av ein vaktbåt. Etter alt å døme var dei ferdige og i ferd med å bli tatt, fortel han.

Men so skjer det fantastiske. Det bles opp til ein tjukk snøstorm.

– Karane klarte altså å berge seg med å forsvinne i ein tjukk snøstorm. Snøtåka gjorde at dei kom seg trygt til Shetland igjen.

Fantastisk oppmøte

Etter at foredraget var over blei det sal og signering av boka og det såg ut til at bokbehaldninga fort blei tømt.

– Eg hadde ikkje trudd at so mange ville kome, seier ein imponert Johan Moltu, som er ein av initiativtakarane til arrangementet.

Dettte er ikkje like sjokkerande for Ueland.

– Det er ei stor interesse for desse historiene langs kysten. Spesielt i samfunna der Shetlandsgjengen sette store fotavtrykk.