– Det som vi har fått belyst i Ungdata-rapporten er alvorleg. Derfor er vi her i dag. Vi håpar engasjementet til alle dei frammøtte kan gi oss nokre idear om korleis vi alle skal snu kurvane i positiv retning, introduserte varaordførar Camilla Størøy då ho ønskte velkommen til fellesmøte i Fosnavåg konserthus.

Etter eit engasjerande innlegg frå ungdomsrådet sin leiar, Helena Aasen, fekk KoRus ordet. Det er dei som står for undersøkinga.

Uønska utvikling

Paul Gabor og Kolbjørn Gjerde, representantar frå KoRus, presenterte tala som undersøkinga avdekka. For lesarane i avisa er tala ikkje nye, men her er likevel eit lite samadrag.

Ungdata-rapporten kom hausten 2017. Det er ein stor nasjonal statistikk som har kartlagt ungdom sin oppvekst, deira åtferd og livskvalitet. For Herøy peika fleire kurver i negativ retning.

I rapporten gjekk det fram at Herøy-ungdom brukar vesentleg meir tid framfor skjermar enn andre kvar dag. Samstundes går mindre tid til lekser og skulketalet aukar. Fleire har gitt uttrykk for at dei er einsame, blir mobba og har depressive symptom. Færre trur dei vil ta høgare utdanning. Fleire trur dei blir arbeidsledige, og færre trur dei får eit lukkelegare liv

Trenden er sjølvsagt ikkje berre lokal, då vi ser den også nasjonalt. Men på fleire punkt kjem Herøy «dårlegare» ut enn landsgjennomsnittet. Så er det også nokre kurver som peikar i positiv retning, som til dømes at at Herøy-ungdom er meir fornøgde med lokalmiljøet sitt og med skulen sin. Dei røyker mindre og bruken av marihuana og hasj er halvert.

Samanfallande forslag

Då statistikken var presentert gjekk folk saman i diskusjonsgrupper for å kome med forslag på kva ulike samfunnsgrupper kan gjere for å betre tala.

Diskusjonen vara i omlag ein time, og når alle gruppene hadde presentert sine løysingar viste det seg at fleire moment samenfalla.

Ein konkret ting som vart etterlyst var ei felles plattform for dialog mellom ulike aktørar, der ein kan sette felles mål. Det blei lagt vekt på at eit godt samarbeid på tvers av organisasjonar, lag, næringsliv, skular, kommune og andre tilbod var viktig for å sikre ei positiv utvikling.

Må dyrke lagspel

Ein annan ting som fleire påpeikte var viktigheita av å stå opp mot forskjelsbehandling og motverke det. Det blei av fleire påpeikt at idrettsorganisasjonar må sørge for å dyrke fram lag og idrettsglede framfor enkeltspelarar.

Ungommen med konkrete tiltak

Nokre som kom ekstra førebudde, var ungomsrådet. Dei hadde med seg to konkrete forslag som dei presenterte for forsamlinga.

– Det fyrste forslaget er at vi har lyst til å opprette ein kommunal app som kan samanfatte informasjon om kva som skjer i kommunen. Nesten som ein aktivitetskalender-app. I tilleg til å vise kva som skjer kan den hindre at ting ikkje overlappar, og kan gi moglegheit for samhandling og synleggjering av tilbod, forklarar leiar, Helena Aasen.

Det andre forslaget går ut på å utvide tilbodet rundt fritidsklubben.

– Ungdom treng ein arena utanfor helgene der dei kan møtast. Derfor ønsker vi å utvide tilbodet rundt fritidsklubben til å også vere der i vekene, forklarar ungdomsrådet.