(pressemelding)

Han har funne sin veg, Stig Ulv. Med gitaren, og berre den. 40 låtar har det vorte. Dei ti siste kom 21. april når han kom med sitt fjerde studioalbum, Akustikar. Ein kar som spelar akustisk. Ikkje meir. Ikkje mindre. Det er nok. Ein einsam ulv med ein stor følgjeskare. Folk som finn sjelefred når dei har Stig Ulv på øyret. Han tilbyr eit friminutt, og kven treng vel ikkje det?

Nye nyansar, fleire akkordar, innslag av jazz og pop, men berre litt. Nok til at lyttarane må høyre låtane igjen og igjen for å ta inn tonane og musikken. Nyte og lytte i roleg tempo.

Eit album har truleg aldri vore meir nynorsk. Nynorsk instrumental.

Einsam på ei scene. Ulven er svolten på meir. Publikum også. Med Akustikar får dei nok ein gong fylt opp med sjelero. Nynorsk har aldri vore vakrare.

Velkomen til eit vakkert friminutt og avkopling frå ein travel kvardag i den fine atmosfæren i meirenntusenord-løa. Konserten finn stad torsdag 22. februar.