Laurdag braka det laust med lokaloppgjer på Havila stadion Fosnavåg. A-laget til Bergsøy møtte då 2.-divisjonslaget Hødd for ein real treningskamp mellom lokallaga.

– Når vi møter eit 2.-divisjonslag reknar vi med å bli overkøyrde, men sånn blei det ikkje, seier ein nøgd trenar, Toni Sandanger.

– Lykkast ekstremt godt!

Bergsøy hadde klare mål inn mot kampen forklarar trenaren.

– Målet vårt var å jobbe med det defensive spelet vårt. Slike kampar er gode moglegheiter for å jobbe med forsvarsteknikkar, forklarar Sandanger og held fram.

– Vi lykkast ekstremt godt med å stengje for det offensive spelet til motstandarane. Det var ei utruleg bra defensiv gjennomføring av karane, skryt Sandanger.

Han forklarar så at Bergsøy har ein god spelarstil offensivt, men at å vere for offensive med eit lag som Hødd ville vere galskap.

Såg lyst ut i fyrsteomgang

Sjølv om Hødd hadde fleire gode sjansar og styrte store deler av kampen var det Bergsøy som gjekk leiande ut til pause. Dette var takka vere blant anna ei fantastisk redning av Petter Aasen og ei fin scoring av Martin Søvik Røren.

Bergsøy slepp inn eit mål i andre omgang, men ikkje meir enn det. Kampen endar 1–1.

– Dette resultatet er vi veldig nøgde med, trass i at det er ein treningskamp. Dette er ein motstandar som skal vere mykje betre enn oss, men vi stenger for dei. Dette er lovande.

Skryt av dei yngre

Toni Sandanger held fram med skryten når samtalen peilar over på dei yngre spelarane

– Alle dei unge leverer bra. Det gjer det faktisk vanskeleg for meg å velje ut kven som skal spele når nivået er der det er, seier Sandanger avslutningsvis.

Han ser fram til den komande sesongen.