-Vi håper det skjer, men då må vi truleg få nye innsig av sild som ikkje er komen like langt i gytinga som den dei no fiskar på, seier Roar Aasen ved Fosnavåg Pelagic.

Breisundet neste

For vel ei veke sidan small fisket til på Buagrunnen med stor deltaking frå kystnotbåtane. Det er i dette området fisket i hovudsak har gått føre seg siste veka, men i går var det også registrert ein del sild så langt sør som utfor Fjørtofta. Dette gir håp om at det snart kan bli sild på Breisundet, og vidare sørover også.

-Om silda finn tilbake til dei lokale felta vil vere bra også for andre fiskeslag. Så det får vi berre håpe vil skje, seier Aasen.

600 tonn i døgnet

Ved Fosnavåg Pelagic har det gått i eitt siste dagane med mottak og produksjon av rundt 600 tonn sild i døgnet. Det satsar dei på å halde fram med, og for det næraste døgnet er kapasiteten oppfylt med 500 tonn som blei kjøpt på auksjonen i går føremiddag.

Aasen kan forsikre at Fosnavåg Pelagic ikkje er mellom kjøparane som har nært føreståande planar om å avslutte sesongen allereie no.

Det er Sildelaget som melder at då fleire kjøparar no har avslutta for sesongen, blei det ei litt utfordrande helg med meir sild enn det var konsumkapasitet til. Fleire anlegg i nærområda til feltet vil stenge i løpet av dei næraste dagane, og fisketakten må betydeleg ned om vi skal berge silda til konsum.

Det skriv salsleiar Kenneth Garvik på heimesida til Norges Sildesalslag. Sist veke kunne han føre til saman 24.300 tonn i salsjournalen, noko som var på nivå med dei beste sildevekene tidlegare i vinter. 64 kystbåtar stod for 21.900 tonn av det samla omsette kvantumet i veka som gjekk.

No når silda er komen på gytefelta på Møre, så melder kjøparane om at det i nokre av fangstane er delvis utgytt sild. Dette er normalt på denne tida, og etter alle solemerke vil det kome ny sild nordfrå som er fastare på rogna, skriv Garvik i meldinga om «Fiskets gang».

Knallveke på lodda

Her kan Sildelaget òg melde om ei knallveke på lodda, med heile 43.200 tonn innmeld frå felta nord av Island. Også frå Barentshavet blei den fyrste loddefangsten innmeld sist veke.