Renathe Rossi-Kaldhol er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld. Ho er kommunalsjef for helse og omsorg i Herøy, ho bur i Ulstein der ho er gruppeleiar for Ap i kommunestyret, ho er mor til tre og ho er oppvaksen i Lofoten.

Jens «Prest» intervjuar

Jens Terje Johnsen skal leie samtalen med Renathe. Han vil gjerne høyre ei ung Ap-kvinne si meining om «metoo-opprøret» i dei politiske partia, han vil høyre kva ein omsorgsleiar kan melde om eldrebølgja og han vil vite kva forhold Renate har til kyrkje og tru. Og litt til.

Musikalsk innslag

Songgruppa Vox Virorum frå Hareid deltek med song. Gunnar Sævik leier kveldsmessa, Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Eit kvarter før kveldsmessa tek til, vert det salmeøving leia av seks forsongarar frå galleriet. Og kyrkjekaffien etterpå brukar å vere populær, heiter det i ei førehandsmelding.

Jens T. JOhnsen: Han leier samtalen i kveldsmessa søndag. Foto: Arkivfoto