Tekstar og vokal som står sterkt over primale grooves, og eit fyldig teppe av synth og alternativt saksofonspel, gir eit musikalsk lydbilde som fengar. Musikken har røter i jazz som speglar seg i urban folk, indie, og spiritual music. Ved å kombinere dette med Sandtorvs unike stemme, djuptgåande tekstar, og dansevennlege globale grooves, blir dette eit oppsiktsvekkande uttrykk som utmerkar seg.

Bandet

Bandet Sandtorv har handplukka til dette prosjektet er ein massiv, rørande, engasjerande utfordrar til jazzkonformen, og eit friskt bindeledd mellom moderne jazz og populærmusikk med profilerte musikarar frå den Skandinaviske jazzscena, og kjende frå prosjekt som Cokko, Homestrech, The Dark, Molecules og Polyfonatura. Dei har eit bredt nedslagsfelt som høyrer heime på ei rekke ulike scener og klubbar utover dei vanlege jazzklubbane.

Om Sandtorv

Natalie Sandtorv (f.1990 i Ålesund) er ein vokalist og låtskrivar som har gjort sterk profil på den Europeiske jazzscena dei siste åra, og i 2016 fekk ho prisen «Årets Jazztalent» frå Moldejazz og Sparebank. I det høvet starta ho å jobbe med å setje saman eit nytt band, og skreiv musikken til prosjektet som ho har valt å kalle for «Freedom Nation». Norgespremieren var på hovudprogrammet til Moldejazz i 2017! Plata blei spelt inn i februar i «Ocean Sound Recordings», og kom ut på plateselskapet !Øra Fonogram! i oktober 2017. Deretter har det vore turné i Japan, New York og Europa, med release-konsert på Terminalen i Ålesund. I tillegg spelte bandet på mellom anna  Copenhagen Jazz festival, Alarm festival i Berlin, og Geoff Stern Art Space sist sommar.