Kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy vil likevel ikkje vere med på at det brenn eit blått lys for Moltu skule.

-Vi er bedne om å sjå på skulestrukturen, men vi har enno ikkje noko klar tilråding å legge fram, seier Lillebø Remøy.

To millionar å spare

Skulestrukturen er komen under lupen i samband med kuttprosessen som Herøy kom- mune er i gang med. Etter det vi får opplyst frå godt informert hald, blir nedlegging av Moltu skule drøfta i organisasjonane med utgangspunkt i ei elevtalsutvikling som ikkje utløyser investeringskostnader med ei overføring til Stokksund skule.

Dermed kan det vere om lag to millionar kroner å spare på å flytte Moltu-elevane til Stokksund, og i så fall vil skuleavdelinga vere i mål med halvparten av sparepålegget dei har fått på fire millionar kroner.

Kommunalsjefen vil verken avkrefte eller stadfeste desse tala, og ønskjer heller ikkje å gi seg ut på spekulasjonar om mulege endringar i skulestrukturen på det noverande tids- punktet.

Må sjåast på sikt

Lillebø Remøy meiner det blir veldig feil å plukke ut eitt enkelt punkt frå ei lang liste med tiltak som skuleadministrasjonen har oppe til vurdering i samband med sparepålegget dei har fått frå politikarane.

Ho understrekar også at nedlegging av ein skule ikkje kan baserast eine og åleine på elevtalssituasjonen slik den er i dag, og Lillebø Remøy kan heller ikkje svare ja eller nei på spørsmålet om Stokksund skule faktisk har kapasitet til å overta dagens elevar frå Moltu.

-Enkelte år kan det vere plass i Stokksund, andre år ikkje, og vi veit heller ikkje om det er politisk vilje til å investere i eit modulbygg i Stokksund, seier ho.

Lillebø Remøy strekar under at når det gjeld endringar i skulestrukturen, er det viktig å sjå på prognosene over elevtalsutviklinga som ein del av vurderingsgrunnlaget. Her må ein mellom anna vurdere kva det nye byggefeltet på Moltu kan få å seie for elevtalsutviklinga i bygda. Byggefeltet som er planlagt i Bondestokksund er eit anna moment som må takast med.

-Vi må sjå langt lenger fram enn nosituasjonen, og dit er vi enda ikkje komne, seier kommunalsjef Lillebø Remøy.

vil ikkje kommentere: -Eg kan verken avkrefte eller stadfeste noko som helst i denne fasen av prosessen, seier kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy. Foto: Jann Flatval