Trass i litt labert oppmøte i publikum sørga flinke ungdomar for god valuta for inngangsbilletten når UKM 2018 fann stad på kulturhuset laurdag ettermiddag. I alt deltok 21 ungdomar fordelte på 12 sceneinnslag. I tillegg deltok Amalie Lovise Teige med teikninga si «Den kinesiske dragen» og konferansieren Fillip Frøystad, som på humoristisk vis leia publikum gjennom programmet.

Det er også verdt å gi skryt til dei andre frivillige som jobba som scenearbeidarar, ungdomsrådet som stod som arrangør, fritidsklubben, frivilligsentralen og sist men ikkje minst gjengen som filma framsyninga.

Fekk målprisen

Då alle innslaga var over var det tid for å dele ut målprisen. Magnar Storøy delte ut prisen. I år gjekk den til fire ungdommar som hadde laga film. Filmskaparane er Adrian Helde Remøy, Emma Sævik, Lisa Bendal og Håkon Hånes. Filmen heite «Sommar-OL i Ulsteinvik» og tek for seg eit fiktivt humorscenario om korleis herøyværingar reagerer på at nabokommunen skal halde Sommar-OL.

Hånes var den som tok imot prisen for gjengen.

– Det var veldig kjekt og overraskande, seier Hånes.

– Dei brukte dialekt på ein fin måte og laga ein morosam film. Det var gledeleg å sjå at fleire innslag brukte morsmålet, seier Magnar Storøy.

Deltok for fyste gong.

Mina Kvalsund Bredmo (10) og Konrad Hauge Vorren (16) deltok begge for fyrste gong og synest det var kjekt.

– Det var ei ny oppleving. Eg har eigentleg aldri følt meg god nok for å stille opp, men no gjorde eg det og det gav meirsmak, seier Konrad.

– Eg var veldig nervøs og synest det var skummelt. Men det gjekk bra, følte eg, seier Mina. Ho vil delta fleire gongar.

Desse er vidare

Juryen hadde ei vanskeleg oppgåve då nivået, som alltid, var veldig høgt. Det er viktig å presisere at oppgåva deira er å vise breidde og variasjon. Fagpanelet har valt å sende vidare desse innslaga:

Fillip Frøystad går vidare som konferansier.

Celina Frøystad med songen «Berre la meg vær».

Thomas Frekøy Skeide med si tolking av «Mr. Bojangles».

RUSH Dans.

Film: "Sommar-OL i Ulsteinvik" Adrian Helde Remøy og Lisa Bendal