– Ja, her skal elevar og lærarar få lov til å kose seg.

Dette seier Waldemar Voldnes medan han stryk på eit lag med beis på ein av sidebjelkane på det som ser ut til å bli ein rimeleg stor konstruksjon utanfor Herøy VGS. Det er onsdag og for elevane som går bygg og anleggsteknikk betyr det prosjektarbeid. Linja har som kjent fleire prosjekt i lufta, men den siste veka er det eit prosjekt som har hamna i førarsetet.

– No jobbar vi for augeblikket med ein skikkeleg kosekrok med stor levegg. Det er ei bestilling som skulen har gitt til oss, forklarar Tobias Vedeld Solvang som står ved sida av Voldnes og jobbar.

Som om ikkje det var nok skal det lagast eigendesigna betongbord og bål-grue til grilling.

– Vi skal så legge villmarkspanel utanpå, fortel Voldnes som saman med dei andre anslår at dei truleg er ferdige til våren.

Lærerikt

Dei to VG2 elevane er begge samde i at dette er super læring.

– Absolutt. Ein levegg skal tole sterk vind. Derfor får vi bryne oss på byggteknikkar som forankrar konstruksjonen godt, forklarar Voldnes.

Også teoriundervisninga ser elevane no finne stad i praksis. Når dei skal velje material må dei til dømes velje material som er sterkt nok, noko dei lærar om i lærebøkene.

Likevel får vi eit inntrykk av at det er det praktiske arbeidet elevane likar best.

– Det er kjekt med fysisk arbeid. Samtidig er resultatet så handfast i og med at det står som ein konstruksjon, forhåpentlegvis i årevis, smiler Vedeld.

Håpar på betre søkjartal

I fjor var der ikkje nok søkarar til å ha bygg og anleggsteknikk for VG1. No nærmar det seg nok ein gong søkefrist. Faglæraren Ole Arvid Vesterdal, som elles får mykje skryt av sine elevar, håpar dei kan snu trenden.

– Eg håpar vi kan få fleire søkjarar i dette faget. Bransjen treng dyktige arbeidarar som kan faget godt, seier Vesterdal.

Han oppmodar folk som likar praktisk og prosjekt-basert læring til å vurdere faget. Han får støtte frå Voldnes og Vedeld.

– Det er eit fornuftig val, slår læraren fast, medan han avslutningsvis syner fram solstolar og bord elevane jobbar med.