Frykta for å vise at ein har angst er med på å trigge angsten. Eg ville ikkje vise folk at eg er annleis. Slik trur eg det er for mange – uansett kva for psykiske problem dei har.

Vebjørn Støyle Bringsvor (24) frå Sandsøya sit med kaffikoppen i handa i ei nytilflytta «ungkarsleilegheit» i Kvalsvika. Han er akkurat komen heim frå ein «avstikkar» til Mysen, der onkelen bur.

Eit par slalåmski står støtta opp mot veggen i yttergangen – eit hint om ei interesse. Det kunne like gjerne ha vore langrennsski. Eller fjellsko. For Vebjørn er friluftslivet redninga i livet.

– Det siste halvåret har eg vore heilt på «botnen». Eg har kunne ligge ein heil dag utan å kome meg ut av senga. Men eg veit at det som skal til er å drage seg ut gjennom døra og kome seg opp på fjellet, ut på ski, inn i ein kajakk eller eit kvart anna. Friluft og ekstremsport held liv meg. Hadde eg ikkje hatt det, veit eg ikkje korleis det skulle gått. Og så er eg veldig interessert i foto – ein hobby som vert som «meditasjon» for meg.

Søndag 4. februar tok Vebjørn truleg ei av sitt livs viktigaste avgjersler; han valde å fortelje verda at han har sosial angst. På Facebook.

– Det var ikkje noko eg eigentleg ville, for eg ønskjer ikkje at alle skal vite korleis eg er. Men det er heller ikkje godt å sitje inne med desse vonde kjenslene. Då er det betre å kunne bruke dei til å nå ut til andre som slit, seier Vebjørn.

Forandringa. Vebjørn ser den tydeleg i barndomsbilda.

– Som heilt liten var eg utan altfor mange bekymringar. I bilda og filmane eg har sett frå den tida, smiler eg og er «happy» sånn som ungar skal vere, seier Vebjørn.

Så forsvann smila. Han var om lag ti år gammal då det skjedde. Brått kom angsten og la seg som ein sperre for det den unge guten eigentleg ville.

– Eg hadde lyst til å vere sosial og ha venner og eit nettverk, men frykta heldt meg igjen. På skulen gjekk det ganske greitt, for der var trygge rammer og lærarar. Men på fritida vart påkjenninga med å vere sosial for stor. Eg var veldig åleine, seier Vebjørn.

Han hadde ein hund.

– Det var vennen min. Eg gjekk i fjellet med han heile tida, og hadde veldig mykje selskap i han.

Det vart ikkje betre på ungdomsskulen. Då tida kom for Polen-turen i tiandeklasse, vurderte Vebjørn å droppe heile greia.

– Eg gjekk lenge og tenkte på at eg måtte klare å lure meg unna. Men så berre bestemte eg meg: «Viss eg ikkje hiv meg uti dette no, kjem eg aldri til å kome meg vekk frå Sandsøya, få familie, eller noko som helst», seier han.

Dei fem tiandeklassingane ved Sandsøy Oppvekstsenter reiser saman med ei klasse frå Bardufoss.

For Vebjørn startar turen som eit reint helvete. Han klarer knapt å opne munnen.

– Eg hadde veldig lyst til å prate med folk, men det var som om noko ...

Han legg begge handflatane mot halsen sin og klemmer til.

– ... gjorde sånn på meg. Og så fekk eg ein spydig kommentar, «Kva er det du ikkje pratar for?». Då vart eg heilt stille, hugsar Vebjørn.

Utover veka løyser det litt etter litt.

– Då fekk eg meistringskjensle, og tenkte at eg kanskje skulle klare å gå på vidaregåande. Men då vi kom tilbake frå Polen, ramla eg fort tilbake i «den gamle tralten» igjen. Fleire spurde om eg ville vere med ut, men eg torde ikkje, sjølv om eg nettopp hadde vore i lag med dei ei heil veke, fortel han.

16 år gammal flyttar Vebjørn heimanfrå, Han skal byrje på vidaregåande trass alt, og har kome inn på bygg- og anlegg på Herøy vidaregåande skule.

– Eg var livredd då eg kom hit og flytta på hybel heilt åleine. Men eg lærte meg at det var betre å vere litt frampå og kome med den første kommentaren. For viss dei andre byrjar å prate, og får den vesle «klikken», medan du står og stirar i bakken, hamnar du heilt utanfor, seier han.

Kort tid etter enda utdanning får Vebjørn snikkar-jobb og vert bas. Meistringskjensla er enorm, og den unge mannen ser meir positivt på livet.

Men så får han vondt i kroppen, og vert sjukemeldt for muskel- og leddplager.

– Det er ei påkjenning for kroppen å vere snikkar. I tillegg var eg heile tida anspent på grunn av angsten, seier Vebjørn.

Men plagene gav seg ikkje sjølv om han vart sjukemeld. Angsten vart verre, og førte til depresjon. Vebjørn hadde mista all tru på seg sjølv.

– Eg hadde vanskar med å opne meg, sjølv for legen som har tausheitsplikt. Eg bestilte mange timar for å ta opp problema mine, men når eg gjekk derifrå hadde timen handla om noko heilt anna, seier han.

Fire månadar ut i sjukemeldinga opnar likevel Vebjørn seg for sjefen sin. Saman med NAV får dei til ei ordning der Vebjørn får bruke evnene sine i ein kontorjobb, medan han er sjukemeld, for å få igjen trua på seg sjølv.

– Eg gjorde det i tre månadar. Dei første to månadane var det nesten nyttelaust. Eg greidde ikkje å konsentrere meg, hendene skalv ... Og du prøver å skjule det, veit du, seier han.

Den siste månaden gjekk det litt betre.

– Ordninga med NAV tok slutt for om lag tre veker sidan, så no går eg heime med sjukemelding, seier Vebjørn.

Men har går regelmessig til psykolog og prøver å vere sosial.

Dessutan har Vebjørn fått seg ny jobb som snikkar frå 1. mars. Denne gongen utan den byrda det er å skulle «skjule» seg sjølv. Han håper det vert starten på eit nytt kapittel i livet.

– Mitt største ønske er å få ein familie, og mi største frykt er å bli gammal åleine, seier han.

«Eg følte meg alltid så åleine i den båsen eg har blitt plassert i. Det er mange som har dei same problema. I dag orkar eg ikkje å halde på fasaden lenger, eg ser ikkje vits i det. For sjølv om eg blottlegg meg så til dei grader, er eg ikkje ein annan person for det, eg vil framleis ha min same personlegdom og veremåte».

Avsnittet over er eit utdrag av Vebjørn sitt Facebook-innlegg 4. februar.

– Eg innsåg at eg ikkje kunne gå og «gøyme meg» heile livet. For meg personleg var det å publisere det innlegget ei viktig meistring. Hovudgrunnen til at eg gjorde det var likevel å nå ut til andre som slit med psykiske plager, seier Vebjørn.

I innlegget skriv han: « (...) Difor meiner eg det er på tide å kaste bort fasaden og vere open om det ein slit med, at ei haldningsendring vil hjelpe mange i framtida med å søke hjelp tidlegare enn for seint».

Responsen på innlegget har vore enorm på Facebook, med mange «likes», delingar og kommentarar.

– Det varmar skikkeleg, og det er veldig kjekt med all støtta. Samtidig er det ei lita påkjenning, for eg har lett for å tenkje, «Oi, no veit alle kven eg er og korleis eg er».

Kontrast: Som heilt liten brukte Vebjørn å smile på bilda. Kring tiårsalderen tok det brått slutt. Foto: privat Foto: Privat