Frå Gursken, nærare bestemt Vågsosen, melder politiet om ein promillekontroll som vart gjennomført søndag morgon/føremiddag. 19 bilistar vart kontrollerte, og alle hadde sitt på det tørre.

Litt seinare på føremiddagen var det trafikkontroll på Moltustranda. Her vart 29 køyretøy sjekka. Også her var det meste på stell, sett frå eit forenkla førelegg som vart skrive ut for manglande sikring av barn i bil.

Litt «over middag» (om ein reknar klokka 12 som middagstid søndag) var Herøy brannvern ute på automatisk brannalarm i Sjukeheimsvegen. Det synte seg at alarmen var av det unødige slaget, utløyst av matlaging.