Sande kommune melder at 2018 vert eit skikkeleg satsingsår for kompetansebygging innan pleie/omsorg.

–Det er med omsyn til satsing på vidareutdanning, etterutdanning, tilrettelegging for dei som skal ta fagbrev, lærlingar - og stimuli til grunnutdanning i helse- og omsorgssektoren, skriv kommunen på sine nettsider.

Det vert opplyst at planen legg opp til rekordsatsing på vidareutdanning i prioriterte fag, og tilrettelagde avtalar med dei som tek slik utdanning.

– Det vil gje auka kompetanse og vi vere eit viktig tiltak for å behalde tilsette - og rekruttere nye. I 2018 vil Sande kommune ha om lag 10 som tek vidareutdanning på høgskulenivå - og frå hausten av ha 5 lærlingar. I ein stadig meir kompleks sektor treng vi påfylling av kompetanse - og på nokre område spisskompetanse, opplyser kommunen.