Tidlegare konsernsjef i Kleven Maritime, Ståle Rasmussen, vert assosiert partnar i bedriftsrådgivingsselskapet MRB. Rasmussen har tung kompetanse og erfaring i frå internasjonal maritim næring. Jan-Inge Sætre vert også ny senior bedriftsrådgjevar i MRB. Han har dei siste åra vore leiar for Stamina Helse Bedriftshelsetjeneste Sunnmøre.

- Kollegiet i MRB opplever aukande oppdragsmengde. Med ynskje om ytterlegare vekst har vi speida etter nye rådgjevarar som kompletterer oss, og som kan vere med på å løfte kundane våre til eit høgare nivå. Ståle og Jan Inge har solid faglig bakgrunn og erfaring, men innan ganske så forskjellige fagfelt og bransjar. Dei vil bidra sterkt med verdifull erfaring og engasjement, og dei vil styrke mangfaldet i MRB, seier dagleg leiar Bjørn Gjerde i MRB.

Audmjuk

Ståle Rasmussen vart i fjor haust einig med styret i Kleven om å gå av som konsernsjef etter at nye eigarar gjekk inn i skipsbyggingskonsernet. No ser Rasmussen fram til å nytte erfaringane sine som bedriftsrådgjevar i MRB.

- Eg ser på meg sjølv som ein audmjuk person. Eg er nok ikkje ein typisk konsulent, men eg har lang erfaring som eg trur mange kan dra nytte av, seier han når han vert spurt om kva han ser for seg vil bli hans viktigaste bidrag overfor MRB sine kundar.

Ståle Rasmussen har snart jobba 30 år innan industrien, mellom anna fleire år som leiar i Ørsta Stålindustri (no Saferoad). Erfaring frå bank og forsikring er også med i hans bakgrunn, i tillegg til ei periode som profesjonell musikar frå slutten av 70-talet til byrjinga av 80-talet.

Internasjonale relasjonar

- Musikar-karrieren er nok over, men musikalitet er nyttig i næringslivet og. Elles er det vel den internasjonale erfaringa og relasjonane som eg har opparbeidd gjennom 16 år i Kleven som er mest attraktivt for MRB sine kundar.

- Den maritime sektoren står framleis overfor store utfordringar og endringar – eg ser nok at det er der eg kan bidra best, seier Ståle Rasmussen.

Engasjement på arbeid

Jan-Inge Sætre har fleire års erfaring innan tenesteytande næringar, handel- og service og industri. Han har sidan 2013 vore leiar for kompetanseorganisasjonen Stamina Helse Bedriftshelsetjeneste på Sunnmøre. Før det var han mellom anna fem år i Epax som leiar for organisasjons- og personalutvikling (HR) og Helse-, Miljø og Sikkerhet (HMS), som også er fagfelt han har spesialisert seg på og har lang erfaring frå.

- Eg trur på verdiar, og trivst særs godt i eit miljø der ein brenn for det ein driv med og der engasjementet er høgt. At arbeidet gir meining har stor betyding for innsatsen og samspelet i ein organisasjon. Eg håpar å kunne bidra til å avdekke ressursane og sette lys på moglegheitene både i MRB og hjå kundane, seier Sætre.

Arkitekt og praktikar

- Eg ser på meg sjølv både som ein arkitekt og ein praktikar. Eg trur at dei som har vore rundt meg i dei jobbane eg har vore i, har opplevd meg som ein som bidreg til vekst og utvikling. I MRB skal eg hjelpe kundar å ta ein ny posisjon. Eg likar å teikne opp reisa, men også å stå saman med kunden ved å gi leiarstøtte og opplæring, og ved å vere ein sparringspartnar i kvardagen, avsluttar Jan-Inge Sætre.

Om MRBMRB er et bedriftsrådgivingsselskap som har opparbeidd eit bredt nettverk overfor næringslivet på Nord-Vestlandet. Rådgjevingsselskapet består av leiarar med omfattande erfaring i frå ei rekke bransjar og fagfelt, eit kollegium som har som mål å realisere vekst og utvikling i næringslivet.