Ein herøyfiskar vert skulda for rovfiske på den påstått unike sildestammen i Gurskefjorden. Fiskaren svarar med å peike på at han har all verdas rett til å fiske sild, også i Gursken.

Den isolerte debatten om gurskesilda har underteikna ikkje tydelege meiningar om, men tilnærmingane til strid peikar uansett på eit lenge etablert faktum:

Silda er viktig, uansett korleis ein vrir og vender på det.

Norsk vårgytande sild (NVG) høyrer til den sokalla atlantoskandiske sildestammen, saman med to andre sildebestandar: Islandsk sommargytande og islandsk vårgytande sild.

NVG-silda har – tradisjonelt - si hovudgyting på Mørekysten. Sildeegga driv nordover med havstraumane til Barentshavet. Der vert larvane til småsild. Som tre-fireåring sym silda vestover og ned langs kysten og blandar seg med gytebestandane. Det er ein (forhåpentlegvis) evig runddans, der vaksen sild dreg ut i Norskehavet, overvintrar utanfor Nord-Norge og vandrar sørover langs kysten igjen etter nyttår for å gyte.

Sildefisket er strengt regulert, som rimeleg er, med tanke på tidlegare bitre lærdom etter overfiske, med tilhøyrande utryddingsfare. Norske fartøy kan i 2018 fiske 304.500 tonn NVG-sild i norsk territorialfarvatn og økonomisk sone nord for 62°N, ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn.

Kvotene er reduserte i år, til fortviling for fiskerinæringa. Ringnotflåten har ei kvote på 137.190 tonn, medan trålarar kan hente opp 24.391 tonn sild. Kystnotkvotene fordeler seg med 137.625 tonn på lukka gruppe og 3.040 tonn på open gruppe.

Silda har i seg sjølv stor betydning for økosystema langs kysten. Ho er ein viktig matressurs for til dømes torsk og sei. I fiskerinæringa er det ekstra stor spenning rundt sildegytinga i år, då mykje tyder både på ein bestandnedgang og eit mogleg endra vandringsmønster. Makrellen har vore nemnd som ein stor trussel for silda, og herøyfiskaren vi syner til innleiingsvis meiner det er ein kritsk bestand på fleire fiskeslag langs kysten.

Men silda er og blir ein «nøkkelfisk». Det skal bli interessant å sjå om bestanden kan auke på og nok ein gong gje positive ringverknader både på sjø og land.