Saka er den at Lødemel skal ha fått positive signal frå kommunen om at det vil late seg seg gjere å byggje hytte på staden.

Men planen opnar ikkje for slik bygging, og naboar har kome med motsegn til planane.Driftsutvalet til Sande kommune gav Lødemel godkjenning på byggesøknaden i 2015. Tomta vart kjøpt så langt tilbake som i 2007, og Lødemel fekk, etter godkjenning frå formannskapet, godkjenning for at tomta kan nyttast til oppføring av fritidseigedom.

Etter ei drøfting der medlemer i formannskapet fann både pluss- og minusfaktorar i spørsmålet om mannen bør få byggje, valde ein å utsette saka. På neste møte skal saksbehandlaren frå teknisk eining inn og gjere greie for saka.

I neste sak gjekk formannskapet samrøystes inn for å gje grønt lys til utarbeiding av privat reguleringsplan gnr. 2, bnr. 2 på Gota. Det er rett nedom vegen for gnr. 2, bnr. 14. Medlemer av formannskapet ser desse sakene litt i samanheng.