Sjeldan eller aldri har det vore brukt så mykje ressursar – i alle fall i Sande kommune – på noko så lite som ei flytebrygge. Søknaden om utlegging av ei flytebrygge framfor Vestnes si sjøbu i Hallebygda hamn har vore gjenstand for ei rekkje behandlingar og vurderingar, både kommunalt og fylkeskommunalt.

Den korte versjonen av saka er at Vestnes har søkt om å få legge ut ei flytebrygge framfor sjøbua. Hallebygda Småbåtlag protesterer og meiner brygga vil vere til hinder for båttrafikken.

To inhabile

Då saka vart behandla av formannskapet, vart først fungerande rådmann, Oddbjørn Indregård, kjend inhabil, sidan han er grunneigar i området. Marion F. Bringsvor melde seg òg inhabil, sidan familien har båtplass i hamna.

Innleiingsvis orienterte ordførar Dag Vaagen (H) om saka. Han kunne slå fast at fylkesmannen har avvist saka – faktisk med to litt ulike grunngjevingar. Kommunen har på si side sagt ja til søkjaren sine planar.

For å finne fram til ei løysing i den noko betente saka la teknisk eining fram ei innstilling der ein bad formannskapet om å vurdere bygge- og deleforbod fram til Hallebygda hamn får ein eigen reguleringsplan.

Skepsis til byggeforbod

Det er ein framgangsmåte mange i formannskapet signaliserte skepsis til.

– Eg saknar for det første ein merknad frå småbåtlaget i saksutgreiinga. Vi er i den situasjonen at både administrasjonen og politikarane meiner flytebrygga kan etablerast. Skal vi gje dispensasjon eller snu? Det vert litt tøft å stoppe alle «der ute» i fire år, kommenterte varaordførar Helge Støylen (Sande vest).

Vaagen fulgde opp og slo fast at det har vore gjort vurderingar av kometente organ, som slår fast at tiltaket er greitt.

– Eg er redd tilrådinga frå administrasjonen gjer at vi kjem inn i ei ørkenvandring, der ingen tek tak i ønskjet frå kommunen om at det vert utarbeidd ein reguleringsplan, sa ordføraren.

Teknisk sjef på telefon

Arnfinn Hide (H) var på si side ivrig etter å vite kvifor kommunen i denne saka no ville endre vedtaket sitt.

Teknisk sjef Kjell Martin Vikene var på reisefot, og vart kopla opp på ordføraren sin mobiltelefon. Vaagen utfordra Vikene på kvifor teknisk etat hadde snudd.

– Vi har hatt fleire runder med Fylkesmannen, og det er avdekt at nokre arealplanar har svakheiter med omsyn til sjøareal og nausttomter. Å søkje om dispensasjon gjer at vi kan risikere ei ny sak hos Fylkesmannen. Då er det betre å utarbeide reguleringsplan. Samstundes kan ein løyse andre forhold rundt vegar, grenser og generell bruk av området, sa Vikene.

Vaagen spurde kor sannsynleg det er at småbåtlaget grip tak i saka og lagar reguleringsplan. Han lurte også på om det er opplagt at ein dispensasjonssøknad ikkje går gjennom. Vikene kunne svare at han ikkje veit svaret på nokon av spørsmåla, men heldt fast på at ein bør prøve å få interessentane til å få utforme ein reguleringsplan. Til dømes om det kjem fleire bryggesøknader.

Tilbakeverkande presedens?

Helge Støylen slo fast at det allereie finst ei flytebrygge i hamna, eit moment ein må ta med i vurderinga av saka.

– Her ligg nokre saker og ulmar her, så det vil isolert sett vere bra å få ein plan på plass, kommenterte Arnfinn Hide.

I vedtaket vart det opna for å gje dispensasjon, men ingenting spesifikt om reguleringsplan. Likevel er det tydeleg at politikarane vil at det skal kome ein reguleringsplan i området, mellom anna for å sleppe at liknande saker dukkar opp til stadigheit.

Varaordførar Helge Støylen ynskte ikkje noko forbod, og minna om at det er lagt ut flytebrygger i hamna før. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik