Totalt 1.160 personar har det siste året fortalt Herøy kommune kor nøgde dei har vore etter eit besøk på rådhuset. Over 95 prosent av personane var veldig nøgde eller nøgde med besøket. 88,1% er veldig nøgde, 77 personar (7%) er nøgde, 18 personar (2%) er mindre nøgde og 43 personar (4%) er ikkje nøgde etter besøket på rådhuset, opplyser kommunen.