– Vi er den av dei fem kommunane på ytre søre som peikar seg ut med lågast godtgjersler. Faktisk ligg vi – med eit par unntak – på 40-50 prosent av godtgjerslene i nabokommunane, kommenterte Arnfinn Hide (H) under behandlinga i formannskapet.

Vil ikkje vere «spesifikt sær»

Han meiner det er viktig at godtgjerslene held seg på eit rimeleg høgt nivå, ikkje minst med tanke på rekruttering av nye folkevalde.

– Dei folkevalde jobbar for å auke trivselen og veksten. Då vert det feil å skjere ned på dette feltet, sa Hide.

Ordførar Dag Vaagen (H) innleia debatten med å slå fast at noko nedjustering av politikarane si løn verken vil kunne berge eller øydelegge kommunen sin økonomi.

– Vi kan ikkje gjere oss så spesifikt sære at vi ikkje kan gje dei folkevalde ei bra godtgjersle, sa ordføraren.

– Ikkje noko godt signal

Marion Flatøy Bringsvor frå Frp sa alternativ 1, nemleg ei frysing av dagens godtgjersler, er identisk med det ho føreslo på eit møte i formannskapet i november.

– Det gir ikkje noko godt signal å halvere satsane, sa ho.

Helge Støylen (Sande vest) meinte Sande kommune kanskje heller bør vurdere å styrke godtgjersla for medlemene i ungdomsrådet. Han meiner dei bør få 500 kroner møtet i staden for 325 kroner i dag.

Heile formannskapet stilte seg bak ynskjet om å halde satsane på dagens nivå.

Oversendingsframlegg

Rett nok deltok ingen frå Ap på møtet i formannskapet. Det var Arnljot Muren frå Ap som før jul kom med eit oversendingsframlegg om å revidere godtgjerslene for dei folkevalde, som eit ledd i innsparingane. Muren meinte ei halvering av satsane kan vere passande.

Eit oversyn utarbeidd av rådmannen i Sande syner at Sande-politikarane har dei lågaste godtgjerslene, samla sett, på ytre søre.

Til dømes har kvar medlem av kommunestyret i Sande 439 kroner i godtgjersle per møte. Same sats i nabokommunane: Vanylven 800 kr, Ulstein 1.000 kr, Herøy 1.000 kr og Hareid 1.029 kr.