Klokka har bikka 12:30 på Herøy omsorgssenter. Ein mann iført ei karakteristisk, gul jakke med «Herøy Frivilligsentral» på ryggen, helsar blidt på oss utanfor inngangsdøra, før han smekker igjen bagasjeromsluka på bilen sin. I den ligg der 11 varme porsjonar med rømmegraut, klare til å bli konsumerte av like mange personar mellom Fosnavåg og Kvalsund. Det er nemleg «Grautatysdag». Ruta bør ikkje ta meir enn ein halvtime.

– Eg kunne tenkt meg å ha brukt mykje lenger tid, for mange set pris på besøk. Men alle må få varm mat, seier Odd Magne.

Så er vi på veg. Første stopp er Ospeneset i Fosnavåg.

– Her kan det vere vanskeleg å kome seg inn, for ein del av brukarane har problem med å kome seg til opningsknappane, seier Odd Magne, og trykkjer inn knappen på ei av ringeklokkene til det moderne leilegheitskomplekset. Han har flaks. Bebuaren han skal til har vaskehjelp på besøk, og døra går opp i løpet av nokre sekund.

I ei varm leilegheit i øvste etasje finn vi ei eldre kvinne, sitjande tilbakelena i ein stol med eit par krykker i umiddelbar nærleik.

– God dag! Her kjem vi med middag til deg, smiler Odd Magne. Likar du rømmegraut?

– Ja, det gjer eg, seier kvinna, og ler litt.

Ho fortel at ho bruker å få servert middag to gongar i veka, men at ho elles lagar mat sjølv.

– Kva lagar du då?

– Fisk og fisk og fisk. Det er sunt, sa han Aasen. Takk for besøket!

Odd Magne Kvalsund er sjølvsagt ikkje åleine om middagsbringinga.

– Totalt er vi 8–9 personar som køyrer ulike ruter. Sjølv leverer eg stort sett til personar i ytre Herøy. Førre torsdag leverte eg 14 middagar. I dag (tysdag, red. anm.) vert det 11, seier han.

Per dags dato vert det berre arrangert middagsbringing til bebuarar i ytre Herøy, men snart kjem tilbodet også til indre.

– Der har vore middagsbringing frå Myrvåg omsorgssenter før, men det vart for få brukarar, berre to stykker. No er etterspurnaden større, seier Odd Magne.

Odd Magne har vore middagsbringar i 8–9 år.

– Frivilligsentralen ringde og spurde om eg hadde lyst til å hjelpe til. Eg sa ja, seier Odd Magne.

Den gongen var han sjømann, og bidrog medan han var heime. Etter at han slutta på sjøen, vart det meir, men det frivillige arbeidet tek framleis berre ein liten del av Odd Magne si tid; om lag ein halvtime ein gong i veka. Og han får dekt køyrekostnadane. Likevel slit Frivilligsentralen med å få tak i fleire middagsbringarar.

– Her er no mange ledige folk som kunne ha bidrege, men ... Eg likar godt å vere i lag med eldre, og eg har alltid likt å kunne hjelpe, seier Odd Magne.

Han kjem på ei historie frå ein av «middagsturane sine» ...

– Eg kom ut på Kopperstad, og der sat ei dame som ikkje fekk inn TV-en. Alle kanalane var vekkstilte. Ho spurde om eg kunne hjelpe henne. Eg sa: «Det kan eg, men eg skal ein tur ut til Kvalsvik, så eg må få køyre ferdig ruta mi først». Det var kjekt å kunne hjelpe ho. Samtidig var det veldig trist at ho ikkje hadde andre ho kunne spørje. Her er mange som sit åleine. Ikkje alle av dei vi leverer til får besøk så mykje som ein gong i veka. Det er noko av grunnen til at eg gjer dette, seier Odd Magne, med augo festa på vegen.

– No må eg kanskje gi gass ...

Vi er komne til Huldal. Bakken framfor oss er full av is, og huset vi skal til ligg nesten på toppen. Odd Magne konsentrerer seg om køyringa, og gjer eit opphald i pratinga til det er trygt å stoppe.

– Her bur ei veldig hyggeleg dame, seier han.

Vi går rett inn.

– Hei hei, god dag, god dag! smiler Odd Magne.

Inger Sofie Huldal ønskjer oss velkomne. Ho kastar eit blikk på grauten.

– Er det noko du likar, spør middagsbringaren. Det er det.

– Kva du heiter du då, spør Inger.

– Odd Magne.

– Kvar du kjem frå då?

– Eg er kvalsundar.

– Kjekt. Eg kjende mange folk der før i tida ...

Ved Nerlandsøybrua er det full stans. Armeringa har kome opp «i dagen» og skal fjernast. Vi ventar på klarsignal til å køyre.

– Vi er litt seint ute. Vi får skulde på brua, seier Odd Magne.

Siste stopp på ruta finn vi på Kvalsund. Ekteparet Paul (93) og Perdis (93) Kvalsund set pris på å få middagen på bordet, sjølv om den er litt lunka.

– Paul kjenner meg frå før, for han var bestekompis med faren min, informerer Odd Magne.

Dei to småpratar litt om korleis Odd Magne sprang bortetter gatene som gutunge.

Det 93 år gamle ekteparet klarer seg fint sjølv.

– Vi har vaskehjelp, og så får vi levert middag tysdagar og torsdagar. Elles styrer vi oss og lager vår eigen mat, seier Perdis.

Det er ingen tvil om at det å kunne bu og trivast for seg sjølv i så høg alder er noko mange ønskjer. Med litt hjelp ein gong i blant, slik Paul og Perdis får, kan det vere fullt mogleg. Då er det godt å ha sånne som Odd Magne.