Laurdag 10. februar vart det halde ei sjeldan klassisk konsert på forsamlingshuset Fredtun i Gjerdsvika. Det var Tosca Ensemble som tok turen heilt frå Spania.

Dei fem musikarane er alle klassisk skulerte med konservatorieutdanning og er med i ulike profesjonelle kammergrupper og symfoniorkester. Ensemblet står av fløytist Andrea Costa Costa, oboist Alba Sanz Ponce, klarinettist Christian Escolano Burgos, hornist Adriá Tomàs Peñalver og fagottist Vicente Noguera Gracia.

Kvintetten serverte eit variert klassisk repertoar på eit svært høgt musikalsk nivå. Dei fem dyktige musikarane gav publikum ei oppleving dei seint vil gløyme.

Litt lite publikum

På Fredtun kom det vel 40 personar. Litt lite publikum, synest arrangøren.

Lokalet er svært godt eigna til klassisk kammerkonsert. Stemninga var intim, varm og koseleg og akustikken perfekt til treblåsekvintettar.

– Så her har mange gått glipp av ei stor, flott oppleving, slår arrangør, Marita Therese Voldnes fast.

Programmet

Det første stykket, Raices frå 1986, av Miguel Asins Arbó tok publikum med på ei reise gjennom Spania. Vidare fekk dei mellom anna høyre Kvintet, av Carl Nielsen frå 1922. Dette er eit vanskeleg stykke på ein heil halv-time, men kvintetten leverte. Publikum fekk òg høyre Five Easy Dances. Eit stykke som presenterte ulike dansesjangrar som polka, tango, bolero, vals og rumba og eit moderne stykke frå 2009 Paisatges de la má av den spanske komponisten José Rafael Pascual Vilaplana.

Stolt over arrangementet

Voldnes er stolt over at det skjer i Gjerdsvika. Det var òg første gongen kvintetten besøkte Noreg, med unntak av fagottisten som jamleg vert innleigd av symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

Avsluttingsnummeret var stykket, Three Shanties, inspirert av sjørøverviser i eit forrykande tempo.

– Vanlegvis hadde eg aldri tenkt å gå på klassisk konsert, men dette var utruleg bra, seier Glenn Huldal som kom på konserten og som styrte lyd.

Ikkje kvardagskost

Mange visste kanskje ikkje kva ein treblåsekvintett var for noko før denne konserten. Det kan seiast at instrumenta i ein treblåsekvintett består av instrument der munnstykket er laga av tre.

Lokal arrangør og konferansier

Marita Therese Voldnes frå Gjerdsvika sto bak initiativet, og ho var konferansier. Dette gjorde ho på ein svært engasjerande og kunnskapsrik måte.

Eit lite stykke Noreg i gåve

Dei spanske musikantane fekk med seg heim både blomar og kvar sin ostehøvel i gåve som takk for den flotte konserten. Fleire bedrifter, både i og utanfor bygda, sponsa arrangementet. Publikum takka både Marita og ensemblet for ei flott oppleving. Nokon i salen lurte på kor lenge dei har øvd. Svaret dei fekk var 4-6 timar kvar dag.

Trivdes på besøket

Kvintetten storkosa seg og seier dei gjerne vil kome tilbake neste år.

– Noreg er eit utruleg flott land og Marita lagar så god mat til oss, seier dei.

Dei var svært fornøgde, både med lokalet og vertskapet.

Sightseeing: : Her er kvintetten på sightseeing på Drageskaret og snø var der litt av òg. Det var veldig kjekt. Foto: Marita T. Voldnes Foto: Privat
Tosca Ensemble: Her ser vi gjengen på scena i forsamlingshuset Fredtun. Foto: Ingeborg Lillestøl Foto: Privat