Fredag 16. februar kan du oppleve han i Fosnavåg konserthus.

I januar slapp Knut Reiersrud Band sitt første album på 10 år, eit album som har fått strålande kritikkar. Knut kommenterer albumet på denne måten:

– Det er jo mine låtar, og eg er ingen effektiv låtskrivar. Idear kjem litt sånn «rekandes på ei fjøl» til meg, og det tar lang tid. Men, - og dette høyrest kanskje rart ut: ein kan seie mykje negativt om Trump, men ein ting skal han ha: Det blei plutseleg mykje lettare å skrive låtar. Alt dette totalt absurde som skjer «everything good is bad, everything bad is good, everything false is true» – denne kjensla av vektløyse gav meg masse idear.

Spesielt kjend er han for bluesmusikken, sitt samarbeid med organist Iver Kleive, og ikkje minst for sine flotte tolkingar av norsk folkemusikk.

Han har besøkt Fosnavåg fleire gongar og vi gler oss til nok eit møte med den særprega gitaristen som denne gong kjem med fullt band.

Knut Reiersrud band er: David Wallumrød– keys, Andreas Bye – trommer, Bjørn Holm – gitar, Nikolai Hængsle Eilertsen – bass, heiter det i ei pressemelding.