– Eg har sett fram til det året eg endeleg kunne melde meg på UKM, fortel Mina Kvalsund Brendmo (10), som er ein av dei som skal delta på UKM for første gong.

Nokre av deltakarane møtte onsdag på Herøy Frivilligsentral sine nye lokale på Kulturhuset. Her fekk dei møte kvarandre, samt at dei fekk informasjon om arrangementet.

– UKM er ikkje berre å stå på scena, det er heile opplevinga rundt også, seier Thomas Frekøy Skeide, som har delteke fleire gonger. I år er det mange som deltek for første gong, og spenninga er til «å ta og føle på».

Tøffe ungdomar

Alle får spørsmålet: Kvifor har du meldt deg på UKM? Svara er delte: «Eg vil vise kva eg kan, og kva eg har øvt på». «Det er så kjekt å få opptre». «Det er kult å stå på ei større scene». «Eg vil utfordre meg på ein ny måte, og få konstruktiv tilbakemelding på arbeidet mitt». «Utfordre scenefrykt».

Det ligg mykje øving og trening bak det å tørre å melde seg på eit så stort arrangement, og det er ingen tvil om at dette er ein gjeng med tøffe ungdommar. På spørsmålet om dei gler seg, er svaret unisont: JA!

Arrangementet

UKM står for «Ung Kultur møtast». Det er eit kulturarrangement for alle i alderen 10–20 år, der du kan delta med mellom anna dans, song, musikk, teater og kunst. I tillegg til at det er ein arena der ungdomar får utfalde seg med evnene sine, skal Målprisen delast ut på arrangementet. Juryen vil her leite etter kandidatar som nyttar levande nynorsk eller dialekt i innslaga sine. Totalt 15 bidrag er påmelde, og det er duka for god stemning, både for deltakarane og publikum.