Tilbodet for ungdomar mellom 12 og 17 år kan vere noko å vurdere for fleire som ikkje har så mange alternativ. – Det er eit alkoholfritt og engasjerande tilbod, der vi også har vaksne, ansvarsfulle folk til stades heile tida, seier leiar Bjarne Pettersen i HBK.

Klubben har fire biljardbord til disposisjon. Dessutan har ein to dartskiver, og det vert også vurdert å setje opp bordtennisbord i HBK sine lokale.

Vi har også ein storskjerm der det er mogleg å kople seg opp for å spele, seier Pettersen.

Han strekar under at tilbodet handlar mykje om leik og moro. Men for dei som ønskjer det, er det også høve til å fordjupe seg litt meir i biljardsporten, og få hjelp til å utvikle spelet sitt. Det kan og bli aktuelt med turneringar.

Biljardklubben held til – for dei som ikkje veit det – i bygget bak storkiosken Mix Video Vest på Eggesbønes.

Vi håpar det kjem mange. I billetten ligg det pizza og drikke samt tilgang til aktivitetane. Førstkomande laurdag opnar vi, så velkomen skal alle vere, avsluttar Bjarne Pettersen.