No kan sveler få ei uventa rolle i kampen for å redde verda. I byrjinga av januar melde NRK Sogn og Fjordane at dei nye elektriske ferjene som skal byggjast, må spare på straumen. Det kan bety at dei må kutte i den delen av kioskdrifta som brukar mykje straum, som til dømes steiking av sveler.

I eit Facebook – innlegg som startar med: « Eg vil ha svela mi», tek den tidlegare banksjefen Arvid Andenæs eit oppgjer med ferjeselskapa sine planar om å kutte ut svelene.

– Dette med sveler handlar jo om identitet, kultur og historie, det er ei symbolsak, seier Arvid Andenæs til NRK.

Andre Høyset i Fjord1 forsikrar at reiarlaget tek svelene på alvor, og er klar over kva dei betyr for norske ferjepassasjerar. Automatar som sel sveler kan kome på plass på dei minst trafikkerte rutene, seier Høyset til NRK.

Det grøne sveleskiftet er i gang, og det kan bli langt mellom blide kioskdamer i raude forkle. Kanskje er det nettopp damene som er blitt for dyre, og ikkje mangel på straum- som er hovudgrunnen til sveleskiftet.

Men å spare på straumen er trass alt god sunnmørsk barnelærdom. Gamlekarane vakta lysbrytarane med falkeblikk, og mørkla både hus og løer, før dei gjekk til køys om kveldane. Eg høyrde ei historie om ein mann frå Sykkylven, og om den fyrste jula dei hadde elektrisk lys.

På julaftan stod mannen ved stovebordet som ein nybakt kappelan, og las høgt frå juleevangeliet, under den nye elektriske lampen. Då han var ferdig, såg han på kona si og sa: – Slekk ljøset kjæring, fadervåret kan ej uto.

Men no opplever vi eit anna skifte, som visst nok skal endre og redusere straumforbruket vårt. Ja, eg snakkar om dei nye «smarte» straummålarane som alle skal få.

I fylgje dei lærde, er målarane til og med intelligente. Då den nye målaren min var på plass i haust, kjende eg meg glad, fordi eg slepp å lese den av. Eg skreiv til og med nokre rosande ord på Facebook, om denne smarte nyvinninga.

Men, no siterer eg Bjørnstjerne Bjørnson: «Hver gledesstund du fikk på jord, betales må med sorg». Eg har nemleg aldri fått så høge straumrekningar før, som eg har fått etter at den smarte målaren byrja å måle kilowattimar.

Eg er rimeleg sikker på at forbruket mitt er akkurat som før. No har eg knekt koda, målaren vil nemleg tvinge meg til å bruke straum, på den tida av døgnet når alle andre brukar lite straum, det vil seie om natta.

Eg må koke middag i to-tida om natta, la vaskemaskina og oppvaskmaskina stå og dure om natta, støvsuge kan eg gjere medan potetene kokar. Så kan eg kose meg med «Nattønsket» på radio, medan eg et middag.

Berre på den måten kan eg redusere rekningane, det bør i det minste uroe brannvesenet. Når dagen gryr må eg slå av varmeomnane, pakke meg inn i to ullteppe, og legge meg i stabilt sideleie, for å hindre nedkjøling.

Dei som fann opp denne målaren kan vite at det til dags dato ikkje er utvikla teknologi som hindrar sunnmøringar i å prøve å spare.

Det vi likevel trøystar oss med i dette landet, er at vi får grøn kraft frå reine og brusande fossefall i fjellheimen.

Det er diverre ikkje sant, tal frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser at så seint som i 2016 kom heile 64 prosent av straumen vi brukte i Norge frå fossilt brensel. Vi sel den reine krafta ut av landet, og importerer den skitne, og det er Stortinget som har bestemt at det skal vere slik.

Ikkje alt er like grønt som vi trur, og nokre tiltak er rein symbolpolitikk. Elektriske ferjer bør vi ønske velkomne, det er eit framsteg. Nysteikte sveler vil vi framleis ha, nokon må sjekke batteripakkane på dei nye ferjene.

Ha ein grøn fredag.