– Vi pratar med dei, inviterer dei til å spele brettspel og X-boks og elles berre er med dei som er her, seier Anthony Leinebø.

Saman med tre andre medelevar er han godt i gang med å stelle i stand ei skikkeleg hyggestund på grøn avdeling på sjukeheimen.

– I tillegg til å vere her med dei har vi baka kaker, laga vaflar og bestilt pizza som vi skal ete i lag med dei, utdjupar Ida Langlo Driveklepp medan ho heller vaffelrøre i vaffeljarnet.

«Innsats for andre»

På andre avdelingar finn ein fleire 9. klasse-elevar som også er i full gang med å stelle i stand mat for brukarane. I alt er dei ti elevar som er på bruket denne onsdags ettermiddagen. Grunnen til at dei er her er at dei har valt «Innsats for andre» som valfag på ungdomsskulen. Ideen med faget er at elevar skal gjere noko i lokalsamfunnet som utgjer ein forskjell, der dei kan hjelpe og bidra for at andre skal få noko bra.

– For det fyrste er det veldig givande å sjå at vi kan glede andre og såleis utgjere ein forskjell for dei vi besøker, fortel Driveklepp.

– Og for det andre er det sosialt og vi har det også veldig kjekt når vi får vere med dei, fortel Amanda Kornelie Løvstrand og Viktorija Grimalyte.

Dei fortel at faget også går ut på å planlegge og evaluere slike tiltak som denne dagen. Til dagens festlegheiter har ungdommen jobba i to faste timar kvar veke i ein månad. Med seg på laget har dei fått Madelynn, Joker, Coop, Elmirs, Cubus og Lek take away.

Kosa seg

Inne på raud avdeling er dei allereie i gang med sosialiseringa når Vestlandsnytt kjem.

– Dette er heilt fenomenalt. Det var utruleg god kaffimat, seier nokre av dei eldre som sit rundt bordet og smakar på baksten som ungdommen har laga.

I gjengjeld byr dei på spennande historier frå gamle dagar.

Håpar elevane får innsikt

– Eg trur elevane har fått eit lite innsyn i kvardagen på sjukeheimen. Eg håpar også at dei ser at det nødvendigvis ikkje skal så mykje til for å utgjere ein forskjell. Berre å besøke dei er ofte nok, slår Cecilie Huldal Smådal, læraren i faget, fast.