Det seier arrangementsleiar Bjørn Holum ved Fosnavåg konserthus etter å ha sett Vestlandsnytt sitt oppslag om konserthusøkonomien fredag 26. januar. Holum kom nettopp heim frå ferie, og har difor ikkje hatt høve til å kommentere saka før no.

Fosnavåg konserthus har kome i fokus når politikarane skal finne tiltak for å kutte i kommunale driftsutgifter. I den samanheng kom det fram at konserthuset og kinoen i 2017 hadde «ein klar nedgang i besøk og omsetning samanlikna med 2016».

– Den totale billettomsettinga gjekk ned med om lag 1,2 millionar kroner, og av dette stod konserthuset for over 800.000», heitte det i artikkelen.

Ikkje alt går til konserthuset

Men tala «lyg», skal vi tru arrangementsleiaren.

– Det stemmer at dei totale billettinntektene var lågare enn i 2016, men ein del av desse er ikkje kommunale inntekter. Det er inntekter frå billettsal til private arrangement, der eksterne aktørar leiger konserthuset. Billettsalet til slike private arrangement har liten innverknad på konserthuset sitt eige budsjett, seier han.

At der har vore ein «klar nedgang» i besøkstalet er heller ikkje rett, seier han.

– 14.640 personar besøkte arrangement det vart selt billettar til i konserthuset (og kulturhuset) i 2016. I 2017 var talet 14.376, altså ein nedgang på 2 %. Det kallar eg ikkje ein «klar nedgang».

I overskot på utleige

Kva konserthuset tener på utleige til private avheng av kven det er som leiger.

– Vi skil mellom utanbys/profesjonelle aktørar og lokale/amatørar. I tillegg til grunnleige tek vi ei billettavgift for kvar selde billett. Det vil seie at dess høgare billettinntekter leigetakaren har, dess høgare leige tek vi, forklarer Holum.

Og på dette området har konserthuset gått i overskot.

– Leigeinntektene var 60 % høgare i 2017 enn året før, og vi fekk inn 100.000 kroner meir enn vi hadde budsjettert, seier Holum.

Kino-nedgang over heile landet

Når det gjeld besøksnedgangen på kinofronten (15% frå året før), har Holum ei logisk forklaring:

– Nedgangen var stor over heile landet, heile 10,36 %. Det skuldast at 2016 var eit rekordår for norsk kino, faktisk det beste sidan 1983. Statistikken i Fosnavåg vart dessutan dregen kraftig opp i 2016 av Børning 2, som vart sett av heile 2644 personar i Herøy, seier Holum.

Han trur også at storleiken på kinosalen er utslagsgivande for besøkstala.

– Det viser seg at folk helst vil sjå film i kinosalen vår. (Det er også kinolerret i konserthuset, red. anm.).

På dei store filmane trur eg vi ville hatt eit høgare besøkstal totalt sett om salen hadde vore større, seier Holum.

Spår eit godt kinoår

2018 ser ut til å bli eit godt år for norsk kino, skal vi tru Holum.

– Det er stor optimisme i kinobransjen, med mange gode filmar i vente, seier Holum.

Fosnavåg kino merkar allereie oppgang:

– Hittil i år har vi hatt ein auke i besøket på 12 % og ein auke i omsetninga på 27 % samanlikna med same periode i fjor, seier Holum.

Nokre av dei norske filmane du kan få med deg i år er: Utøya 22. juli, Skjelvet, Månelyst i Flåklypa, Mordarane i Kongo (om Joshua French og Tjostolv Moland med Aksel Hennie og Tobias Santelmann), og Sonja (om legenda Sonja Henie).

, Josefine Spiro