– Boknasild er omtrent som julemiddag. Det er ikkje noko du et kvar dag, men når du fyrst får det på fatet, er det nydeleg godt.

Dette fortel Idar Markussen medan han ønsker andreklassa på naturbrukslinja inn i kystlaget sine lokale. Det er ein vinterkledd morgon inst inne i Nørvågen. Godt kledde elevar er så vidt i gang med å ta på seg eingongshanskar og forkle, klare for å behandle sild.

Utanfor parkerer ein bil som er lasta med kassevis av sild.

– Vi får sponsa det med Fosnavaag Pelagic, og som du ser er det ikkje små mengder, smiler, Sveinung Kopperstad, medan han laster kassene opp på bordet framfor elevane.

Samarbeid

Kassene med sild blir opna og elevane stiller seg opp rundt Karsten Oksavik som byrjar å forklare korleis silda skal flekkast.

Grunnen til at Herøy VGS har møtt opp her nede i dag er eit samarbeid som Herøy kystlag har med Herøy vidaregåande.

– Dei siste tre åra har vi hatt elver her nede som hjelper oss med å flekke og lage til boknasild, forklarar gjengen i kystlaget.

I tillegg til boknasilda, hjelper elevane til med andre oppgåver og dugnadsarbeid.

– Vi har gjort litt forskjellig. Mykje handlar om fiskeri, sjølvsagt, men vi gjer også dugnadsarbeid, forklarar Simon Voldsund (17) medan han betraktar karane i kystlaget reinske innmaten ut ifrå silda.

Vidare forklarar han at samarbeidet også omfattar kaiplass til båtane som Herøy VGS disponerer for elevane. Dette er ein sjark og to mindre båtar som ligg til kai ved Slippen. I tillegg er her to konteinarar som vert brukt i undervisning.

Betre enn lærebøker

Ved sidan av Simon står Oliver Voldsund. Dei to er begge einige i at samarbeidet med Kystlaget er uvurderleg.

– Ja, det er betre å lære frå «gamlekarane» enn å lese om det i lærebøker, smiler Oliver, medan kan knabbar tak i ei sild for å prøve å gjere som Oksavik forklarar.

Han viser korleis dei flekkar opp silda langs ryggmergen, fjernar innvolane, og lagar hol så ho kan hengast opp.

– Når denne silda er ferdig så skal ho skyljast. Deretter skal ho hengast opp til tørk i nokre veker, forklarar Oksavik.

Generasjonslærdom

Medan elevane flekker i veg slenger Idar Markussen ut eit spørsmål.

– Kor mange av dykk har faktisk smakt boknasild?

Fleirtalet svar med tausheit på spørsmålet, men berre smiler til merknaden.

– Det var det eg tenkte meg. Det er derfor dette er viktig, slår Markussen fast.

Han siktar då til kulturen som bokna-sild er. Det er ein fullt funksjonell og viktig konserveringsmetode, fortel han.

– Det er viktig at denne «pizza-generasjonen» kan vidarebringe kunnskapen, seier Markussen, litt fleipande.

Likevel har bodskapen noko i seg, blir vi forklart. Dette handlar om å vidareføre kunnskap mellom generasjonar. Dette er også ein av hovudgunnane for at Kystlaget og Herøy VGS ynskjer å vidareføre tradisjonen med det tette samarbeidet som dei har.

– Vi er veldig godt nøgde med samarbeidet. Dette er kystkultur i høgste grad som vi må passe på at blir formidla vidare, forklarar Sveinung Kopperstad, nestleiar i Herøy Kystlag.

Han gler seg til å kunne selje den ferdige boknasilda om nokre veker.