– Når alt kjem til alt vil eg samanfatte det heile som ei vellukka helg. Vi innrømmer at vi blei litt skuffa over å hamne på 11.-plass av 12 korps i divisjonen, men vi har hatt det kjekt.

Dette seier dirigenten for Herøy brass, Kjellstein Knotten, etter at å ha kome heim.

God kjensle

Knotten fortel at brassgjengen var rimeleg rolege under NM.

– Trass litt nervar rett før vi gjekk på scena, takla gjengen det veldig bra. Det var ei god ro, fortel Knotten.

Han seier at dei hadde ei god kjensle etter framføringa.

– Vi fekk fleire positive tilbakemeldingar frå folk som høyrde på. Blant anna fekk vi skryt frå Torstein Aagard-Nilsen. Det var kjekt.

Som tidlegare skrive i avisa, hjelpte Aagard-Nilsen brassbandet med finpussinga før NM.

– Likte ikkje tolkinga

Grunnen til at Herøy brass ikkje nådde heilt opp på lista er fordi dommarane ikkje likte heilt deira tolking av stykket «The grace of love».

– Det handlar ein del om smak og behag. Det var synd dei ikkje var heilt nøgde med vår tolking, men slik blei det.

Viktig lærdom

Uavhengig av resultatet har det heile vore ein viktig læretur for Herøy brass.

– Korpset har utvikla seg mykje. Det var også lærerikt å få høyre på andre brassband og ikkje minst ein kjekk sosial tur, fortel Knotten.

Han ser for seg at Herøy brass kan delta i fleire NM i tida framover.

– Eg trur vi har blitt meir inspirerte enn skremde.

Lokalkonsert neste

Herøy brass skal ikkje ligge på latsida no som NM er omme.

– No er det rett på øving for vi skal ha konsert i konserthuset 14. april, avslører Kjellstein.