Eigedomsavdelinga i Herøy kommune vil teste ut automatisering av reinhaldet i kommunale bygningar, og fekk eit samstemt ja frå formannskapet. Her er det nemleg pengar å spare.

Det einaste formannskapet ikkje likte med søknaden om 350.000 kroner til innkjøp av ein revolusjonerande reinhaldsrobot, var tidspunktet søknaden kom på. Å måtte gjere budsjettendring så tidleg på eit nytt budsjettår, er lite populært, men prinsippa måtte vike for utsiktene til innsparing.

Ifylgje eigedomsavdelinga sine utrekningar vil ein slik robot frigjere 20 prosent av ei reinhaldarstilling. Roboten krev ikkje tilsyn anna enn ved oppstart og avslutting, og medan roboten vaskar kan reinhaldaren prioritere andre oppgåver, skriv rådmannen i tilrådinga om å gå til innkjøp av roboten som blir rekna for å vere framtida for reinhald av store flater.

Alternativet var å kjøpe ein ny manuell reinhaldsmaskin til under halve prisen av ein robot. Denne løysinga vurderte formannskapet , men såg på roboten som ei lønsam investering på sikt.

Kjøpet av roboten må godkjennast av kommunestyret.