Nasjonalt er han sårbar, og internasjonalt er han nær trua. Likevel er oteren ein vanleg art å sjå her ute i havgapet, anten symjande mellom skjer og holmar eller pilande over vegar nær sjøen.

Oteren i Noreg

Oteren blei totalfreda i Noreg i 1982 gjennom ratifiseringa av Bernkonvensjonen. Innan den tid hadde hard jakt gjort sitt for at arten vart borte mange stadar i Noreg.

I fleire europeiske land var det allereie for seint. I dag er arten framleis rekna som ein sårbar art, og innanfor landegrensene våre er han stort sett berre å finne frå Midt-Noreg og nordover. Men til gjengjeld har bestanden i desse områda blomstra.

Den norske oterbestanden utgjer opp til 25 prosent av den totale europeiske bestanden, difor er det viktig at vi tek vare på han.

Oteren har ingen naturlege fiendar, men den er trua av fiskereiskap som leppegarn og torsketeiner. Dei store mengdene med fisk som er tilgjengelege her er freistande for oteren, som står i fare for å sjølv sette seg fast og dermed drukne.

Oteren i Herøy og Sande

Oteren er ein dyktig symjar som hovudsakleg jaktar på fisk og krabbe, men han kan også ta egg og fugleungar.

Han har den tjukkaste pelsen av alle dyreartar på jorda, men for at den skal vere vasstett er oteren avhengig av å ha tilgang til ferskvatn for å vaske ut saltkrystallar. Dette har han i overflod på alle holmane som ein finn i Herøy og Sande.

I tillegg har vi mange grunne områder som er perfekte for oteren når han skal ut og jakte etter fisk.

Dette er nok ein av grunnane til at oterpopulasjonen har hatt slik ein eksplosiv vekst akkurat her. So mykje oter som ein kan sjå no må ein tilbake i alle fall 40-50 år for å sjå maken til.

På ein vindstille dag kan ein ta seg ein båttur mellom holmane og speide etter eit lite hovud som er oppe for å trekkje luft.

Er ein heldig å finne ein oter som et fisk, kan ein kome ordentleg nær dersom ein er varsam. Eventuelt kan ein gå langs fjæra og sjå etter måkar eller havørn som sit åleine i sjøkanten. Ofte sit dei slik og ventar på ein nærliggande oter som et lunsj, i håp om at det skal bli litt restar å hente.