Tala for 2017 seier at det reiste 66.360 passasjerar på rute 01, firkantsambandet i Sande/Vanylven. Det er ein nedgang på 3,42 prosent i høve til 2016.

Talet på personbileiningar (PBE) hamna på 82.918, noko som er ein nedgang på 2,07 prosent.

Det var 257 gjenståande bilar på dette sambandet i fjor, noko som er ein auke på 7,53 %.

På Årvik-Koparnes-sambandet var det 149.792 passasjerar i fjor, ein auke på 0,13 %. PBE var her 281.802, noko som representerer ein auke på 1,74 %. På dette sambandet var det i fjor 318 attståande bilar. Det er meir enn ei dobling frå året før.

Hareid-Sulesund

Hareid-Sulesund er fylkets nest største ferjesamband, målt i PBE. Her vart det registert 1.224.903 PBE i 2017. Berre Molde-Vestnes er større. På Hareid-Sulesund var det ein auke i PBE på 0,49 % i fjor, og det vart registrert 6.801 attståande bilar, ein auke på nær 4 %.

I tillegg reiste 616.470 passasjerar på dette sambandet i fjor, ein auke på vel 1,5 %.