Vi reiste til Trivselhagen på Sandane for å spele 2 kampar.

Vi har aldri før stilt opp i kamp, så vi var spente på både det å skulle spele på ei skikkeleg handballbane og på kor flinke motstandarane var.

Vi skulle spele mot Førde United og Florø SK som begge har spelt fleire kampar i Gullserien som blir arrangert av NHF Region Vest,

Første kamp var mot Førde United.

Det var litt skummelt, men samtidig så var det kjempegøy å endeleg få spele kamp.

Førde laga første måla, men så fann vi ut korleis vi skulle spele. Vi scora mål og stoppa Førde med godt forsvar og keeperspel og hadde det kjempegøy.

Bergsøy Handball sin første kamp i HU serien enda med tap 9-6, men vi var kjempefornøgde med prestasjonane våre og jubla i lag med Førde.

Andre kamp var mot Florø SK som hadde veldig mange spelara å ta av, nokre av dei var kjempeflinke skyttarar og dei laga mange mål i første omgang.

Men vi stod på og vart betre og betre utover kampen. Vi fekk nokre gode målvaktredningar og flotte scoringar. Vi låg bak med 8 mål, men så klarte vi å halde følge.

Masse flotte prestasjonar vart vist på bana og jubel i taket for alt vi klarte.

Vi scora totalt 11 mål i denne kampen mot Florø sine 19 mål.

Bergsøy United er ein fantastisk kjekk gjeng som viser sann idrettsglede både over egne prestasjonar og andre sine prestasjonar. Her er alle like gode.