Bilen, som er levert av Egenes Brannteknikk AS, kom til Larsnes måndag 12. februar. Det lokale brannvernet fann fram flagget i høve overleveringa.

Prisen er 3,2 mill. kr pluss moms, ei stor investering for ein liten kommune. Men det er også ei viktig investering, sidan gamlebilen lenge har hangla.

– Sande brannvesen går inn i ei ny tid med denne brannbilen som vil vere utstyrt med topp moderne utstyr som gjer at brannvesenet kan møte krevjande situasjonar i framtida, seier brannsjef Kjell Martin Vikene i Sande kommune.

Han meiner det vil vere betryggande for sandssokningane at ein har oppdatert utstyr på dette området. Vikene seier det no vert opplæring, både for sjåførar og mannskap.

Sande brannvesen opplyser til Vestlandsnytt at Knut Nystøyl var mellom dei som tok imot den nye brannbilen. Nystøyl har vore brannmeister bi Sande brannvesen i mange år, og avslutta si teneste i brannvesenet ved årsskiftet.

Ein kraftig brannbil

Det er ei kjensgjerning at ingeniør Ronny Prozenko har vore ein svært sentral mann frå kommunen si side i samband med prosjektet.

– Sjølve bilen er ein Euro 6 Scania P450 4x4 med 450 hk med CP 32 kabin, lang type. Dette er ein bil med mykje hestekrefter i forhold til mange andre brannbilar som blir leverte. Dette har vi hatt fokus på med relasjon til topografien i Sande, seier Prozenko til Vestlandsnytt.

Bilen er utstyrt med integrert hydraulisk redningsverktøy og ei hekkmontert brannpumpe med 3000 liter vatn/ 200 liter skumtank.

Sande kommune sin hovudbrannstasjon er lokalisert i Sande rådhus. I tillegg har kommunen depot med såkalla skogbrannreserve-mannskap på Kvamsøya og Sandsøya.

Terje på plass: Terje Halle (t.v.)er nærast å rekne som fast brannmann i Sande.