Herøy kommune har mange gang- og sykkelveg-prosjekt som ventar på realisering. For å sikre framdrifta i desse sakene meiner Bjarne Kvalsvik det er viktig for kommunen å søkje om forskotering av fylkesveg 61 mellom Djupvika og Nykrem.

Slik det ligg i dag er dette det einaste som ligg så langt framme at det kan søkjast om forskotering av dei gang og sykkelveg- prosjekta som kommunen har, forklarar Kvalsvik.

Eit kriterium for kommunal forskotering av eit slikt fylkesvegprosjekt er at prosjektet har så høg prioritet at det kan påreknast å få løyving for heile prosjektet innanfor gjeldande investeringsprogram. Då den aktuelle vegen ligg inne med 10 millionar i 2020 og ein lik sum i 2021, meiner Bjarne dette er godt grunnlag for å søkje.–

– Investeringsplanar kan endre seg, men om vi får forskotert blir fylkestinget nærmast nøydd til å halde på midla.

Kvalsvik seier at for kvart prosjekt ein sikrar på denne måten dess fortare kan vi få andre prosjekt på prioriteringslista.