Då vil vi ønskje velkomen til lokale nyheiter oppattatt. Vi vil utover kvelden sette fokus på aktuelle og uaktuelle nyheiter, og startar med ei evig aktuell sak om Skarabakken.

Ankermann Thomas Sporsheim sitt blikk treff publikum via TV-kameraa framfor scena på Fosnavåg konserthus. Introduksjonen er faktisk kveldens tredje innslag. May og Gunn sytte for det første. Dei var to usynlege røyster bak scena, som gav inntrykk av å vere kritiske tilskodarar i full diskusjon om kva for forbetringar dei håpa revyen hadde gjort i år.

– Eg synest det var altfor mykje musikk i fjor, men håper dei har med noko politikk. Eg likte så godt kommunestyret, meinte May.

– Kommunestyret forstod eg ikkje ein drit av, så der kan dei spare seg spør, du meg, men dans vil eg ha, sa Gunn.

Publikum skal kome til å få ein passeleg dose av alt. Ei gruppe dansarar gjorde sin entré allereie i den augneblinken sceneteppet fór opp, iført mørke hettegenserar og sølvkvite masker. Feel good-låten og energien deira sette definitivt den rette stemninga.

Men tilbake til programleiar Sporsheim. Han var i ferd med å informere om Skarabakken…

– I nærmare 70 år har vi sett behovet for ny tilkomst til Fosnavåg. Dette er noko alle veit. Vi var inne på tanken om å lage ein reportasje med «Skarabakken minutt for minutt, tiår for tiår», men går heller for ei litt meir ukjent sak, som er den meir gøymde katastrofen som er i ferd med å ramme oss. No har Pikken og Lisjemannen florert i media. Her i Herøy slit vi med «Glyfså» i Skarabakkmuren, som kan rase kva tid som helst, og derfor er under konstant overvaking døgnet rundt, seier han, før han set over til reporter Carl Henrik Moltumyr «direkte» frå Skarabakken.

– Muren er på veg til å dette ned, slår han fast.

På staden treff han dei to «kontrollørane» Karl Petter Sortehaug og Siv Anita Måløy Hermansen, som overvakar den nemnde «Glyfså». Dei var populære vaktmeistrar i dei to første Fosnavågrevyane. Årets «kontrollørar» er minst like effektive, men på andre område. Då Moltumyr får dei i tale har dei allereie evakuert bebuarar i nærleiken. Medan dama stort sett berre får fram nokre heller uforståelege lydar, konstaterer mannen at «No har flenga fått seg ei opning på 60 centimeter», men at dei har god kontroll på «Glyfså». Personane som går forbi ho kan dei elles ikkje kontrollere.

Utselt

Billettane til Fosnavågrevyen forsvann som vanleg kort tid etter at dei var lagde ut for sal. Og etter latternivået i salen å døme fekk tilskodarane akkurat det dei ønska seg.

– Tilbakemeldingane går på at årets revy er den beste til no, seier ein tydeleg glad regissør, Mona Grete Ryssevik.

– Eit par gleppar hadde vi, men slik er det nesten alltid. Vi er no amatørar, seier ho.

Ein av dei oppstod då ho sjølv gjekk på scena for å framføre showets einaste seriøse innslag – ein solo-opptreden av songen «Eg ror». Det var nemleg ikkje lyd på gitaren.

Då dukka «Bjarne Kvalsvik» alias Adrian Helde Remøy opp, og fekk fart på sakene – utan å forlate rolla eit sekund.

– Bjarne Kvalsvik rydda opp, humrar Ryssevik.

Å skaffe ei drosje …

Telefonen ringer på taxisentralen. Dei tilsette har eigentleg ikkje tid til å svare, då dei er opptekne med å drikke kaffi, spele kort (Gris), lese lokalavisa og vekebladet «Vi menn». Ein av dei (Filip Frøystad) – den einaste som for det meste berre sit og gjespar – svarer likevel:

– Du er no komen til Taxi. Trykk 1 for ytre, trykk 2 for indre, trykk 3 for maxitaxi takk! 4inglisj.

Men service er mangelvare i revy-taxi-sentralen, så innringaren må finne seg i å bli «sett over» frå den eine til den andre. Dei svarer rett som det er med tilbakemelding om at dei ikkje har tid – og etter kvart om at dei «er dei på veg».

– Gå til Tollåshjørnet. Vi kjem så fort vi kan, seier ei og slenger på røret.

Telefonen ringer igjen, og ein annan svarer:

– Tollåshjørnet. Ka du sei … til Kvalsvika? Du er i Kvalsvika? Spelar inga rolle. Tollåshjørnet! Det skal vere likt for alle.

Lokale nyheiter

Medan dei to førre revyane hadde utgangspunkt i TV-program der programleiaren hadde gjestar i studio, er årets versjon regissert meir som ein heilskapleg nyheitssending. Såleis er der fleire reportasjeinnslag enn før. Humoren spelar på verkelege saker som har stått i lokalavisa i året som gjekk, som til dømes problematikk med Nerlandsøy-brua, opprettinga av bubilpark i Fosnavåg, det omstridde pumpehuset på Allmenningskaia, og «problematiske» saueperlar i Mulevika. På scena får vi dessutan eit møte med Herøy formannskap, som diskuterer fargekodar i høve til byutvikling.

Innimellom «nyheitsinnslaga» er showet spekka med humoristiske sketsjar, der skodespelarane verkeleg gir av seg sjølve. Som døme kan vi trekkje fram «Siv og gemalen» (Siv Anita Måløy Hermansen og Karl Petter Sortehug), som gjentatte gongar dukkar opp framfor scena som to forvirra turistar. Dei har bestilt «all inclusive» med overnatting, badeland, kino, middag og show. Å finne fram greier dei elles ikkje, og det vert nokre sinte diskusjonar med vakta Filip. Eit av høgdepunkta er kanskje då dei to finn ut at det er for langt å gå til symjebassenget i Badeland og heller tek seg ein dukkert i hamnebassenget.

Song og musikk

– Vi skal gjere eit lite hopp i tid og er klare med eit innslag vi meiner kan bli på grensa til allsong. Det er berre å syngje med, seier Sporsheim.

Det er tid for «80-talet», ein medley, med kjende, norske 80-tals-slagerar, akkompagnert av revyens eige husband. Dei fleste skodespelarane er med å synge, enten solo eller i kor, med elleville kostymer, rørsler og ansiktsuttrykk som framhevar betydinga av songtekstane på ein briljant måte.

Det er avgrensa kor mykje vi får plass i ein avis-reportasje. Dessutan, humoren i Fosnavågrevyen bleiknar på papiret – den må opplevast! Likevel, tek vi avslutningsvis med dialogen i ein av sketsjane, som på fleire måtar oppsummerar nokre av sakene lokalbefolkninga har vore opptekne av i 2017.

Ryktet går

«Hans Majestet Kongen» går sakte over golvet på scena i konserthuset, og passerer samtidig to nysgjerrige Herøy-kvinner. Damene ser på kvarandre:

– Du, sei meg ein ting .. var ikkje det?

– Jau, det var kongen.

– Men han sa ikkje eit ord?

– Nei, du veit han byrjar å bli ein gamal mann.

– På snakk om gamal sak – Eg har sett at det står mykje om Stemmedalen i avsa. Kva det er for noko?

– Nja, det er mykje som ikkje stemmer der.

– Lurer på kva festival det blir i år? Maritim eller sommarfestival eller makrell eller Sjøsprøyt, eller har dei funne på nytt namn? Kva trur du festivalnamnet blir?

– Namnet spelar vel inga rolle. Det viktigaste er at Loveshack kjem! Kan du begripe kvifor Bergsøy driv og kjøper inn spelarar? Hæ! Eit 4. divisjonslag.

– Det er vel ikkje nok Herøyværingar som vil spele i 4. divisjon. Det er vel ikkje så lett å få Høddhenta nokon heller. Eg var forresten til Stryn i helga. Er du klar over kor lang den «Knivsvegtunnellen» er?

– Det er vel ikkje alltid lengda det kjem an på. Men kan du forstå at kommunen gjekk for det billigaste pumpehuset? Kva vibber trur du det gir til kommunane rundt oss? Nei, eg synest dei skulle gått for terningen.

– No er det vel ikkje alle som likar å få terningkast. Fekk du forresten pærebrann?

– Nei, men eg fekk sms, så dei sparar ikkje på pengane. Men er det ikkje flott at Olympic har fått «Lisens to krill»?

– Er det han Anders Almestad som skal ha hovudrolla? På snakk om nyskaping: Hugsar du desse fine benkane som Herøy produksjon laga til denne parken utanfor Vallaker?

– Desse som arkitektane øydela og måla gule og det ikkje var mogleg å sitje på? Lurer på kvar det er blitt av dei. Dei kan no ikkje berre forsvinne?

– Stolne kan dei ikkje vere for det er no ikkje mogleg å sitje på dei, men eg er glad for at det nesten er slutt på arbeidsløysa.

– Kva meiner du med det?

– Etter opningstidene på NAV å døme må no folk ha funne seg jobb. Lurer på kva slags jobbar dei på NAV får seg?