Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet rykka ut til 64 komfyrbrannar i Møre og Romsdal i 2017. Det er 12 fleire enn året før. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk.

Komande torsdag har Mørenett fokus på saka på ein stand på Herøysenteret, saman med det lokale brannvernet.

Brannvesenet rykka i fjor ut til 3 344 bustadbrannar i Noreg, heile 1 516 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren, heiter det i ei pressemelding frå Mørenett.

– Komfyren er den klart største brannkjelda i heimen. Så godt som alle komfyrbrannar kjem av tørrkoking og ikkje teknisk feil ved produktet. Då er det veldig fint å ha ei komfyrvakt som hindrar at farlege situasjonar oppstår. Vi tilrår alle å installere komfyrvakt seier Hans Magne Muren i Eltilsynet.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader. Same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire bransjebutikkar og på nett.

– Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Anten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt dårleg merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og utvikle seg, seier Muren.