I grunngjevinga heiter det at Sundnes har hatt krevjande jobbar i skuleverket, og likevel hatt vilje og krefter til å gjere ein stor innsats i fritida si, på fleire ulike felt, og for ulike aldersgrupper. Særleg har han gjort ein årelang innsats (35 år) for søndagsskulen, nærradioarbeidet (27 år) og dugnadsarbeid i både gamle og nye Herøy kyrkje.

Paul har vore med i ei rad ulike nemnder og råd, oftast som formann. Han har stor praktisk og teknisk innsikt, og eig eit stort kontaktnett. Han er ein mann med stor gjennomføringsevne- og kraft.

Det blir i grunngjevinga også lagt vekt på hans evne til å inspirere andre. Han meiner sjølv ingen oppgåve for liten eller stor.

Som menneske er han "beint fram" og ikkje redd for seie meininga si, men han har også ei evne til å lytte til andre. Han har vore ein god rådgjevar for andre menneske, blei det sagt i frå talarstolen.

Litt i meste laget

- Dette var stort, faktisk litt i meste laget. Eg blei rimelig tatt på senga. Det gjer sterkt inntrykk at nokon har samla saman so mykje informasjon om meg og vil gi meg denne utmerkinga. Det var mykje eg sjølv ikkje hugsa ein gong, fortel ein tydleg rørt Sundnes.

Sundnes fortel at det er nysgjerrigheita som har drive han gjennom alle desse åra, og ikkje minst alle folka han får treffe gjennom det han driv med.

- Gleda av å få vere i lag med folk er definitivt ein av dei viktigaste faktorane for at eg har halde fram som eg har gjort, forklarer Paul.

Eit ja menneske

I sin tale sa ordføraren, Arnulf Goksøyr, at Sundnes har vore eit ja-menneske som har brukt mykje av fritida si til ulønna arbeid og for ulike aldersgrupper.

- Han har heller ikkje lagt inn årane etter at han vart pensjonist, men er framleis svært aktiv, sa Goksøyr på talarstolen.

Stolt familie

Saman med kona, Oddrun Torvik, har Paul fire gutar. Tre av dei var til stades under utdelinga. Ein av dei, Jon Sigve Sundnes, hadde reist frå Bergen for å vitje faren få sin medalje.

- Det er spesielt. Han har jobba så vanvitig. Det er kjekt at han blir gjort stas på. Med pappa er det alltid jobbing og derfor er dette fortent, seier han til Vestlandsnytt.

I eit intervju har Paul tidlegare fortalt at ei fantastisk kone og familie har vore avgjerande for at han har kunne bruke so mykje tid og krefter på innsats for storsamfunnet.