Eit oversyn som er utarbeidd av rådmannen i Sande avdekkjer til dels enorme variasjonar i godtgjersler for dei folkevalde på ytre søre Sunnmøre.

Med 439 kroner i betaling for kvart møte i kommunestyret er Sande-politikarane billegast i drift. Hareid set mest pris - i alle fall målt i kroner - på dei folkevalde sin innsats, med 1.029 kr/møte. I Ulstein og Herøy får medlemene 1.000 kr kvar gong dei møter i kommunestyret, medan vanylvspolitikarane får 800 kr/møte.

Medlemer av formannskapet i Herøy får 1.300 kroner per møte. I Sande er summen framleis 439 kr/møte, men her får kvar formannskapsmedlem i tillegg 8.700 kroner i året.

Herøy betalar mest til ordføraren

Mellom ordførarane på ytre tronar ordføraren i Herøy på lønstoppen med 1.029.974 kr. Hareid fylgjer bak med 974.729 kr, medan ordføraren i Ulstein får lik løn med stortingsrepresentantar (928.602 per 1. mai 2017, red. mrk). Ordføraren i Vanylven har ei løn på 842.706 kr, medan Sande-ordføraren tek imot 823.979 kr i året.

Når det gjeld leiing av hovudutval i dei fem kommunane, er det også store forskjellar. Her kjem Hareid rimelegast/dårlegast ut, med 8.427 kroner i året. Hovudutvalsleiarane i Ulstein får heile 30.000 kr i året, og i Herøy varierer det mellom 10.000 og 15.000 kr alt etter kva utval det er. Hovudutvalsleiarane i Hareid får betalt med 9.363 kroner i året, i Sande 10.900 kr. Dessutan får utvalsleiarane og -medlemene møtegodtgjersle.

Ungdomsrådet

I ungdomsrådet syner tilgjengelege tal at Herøy-ungdomane får minst, med 300 kroner per møte. I Sande er det 325 kroner per møte for ungdomsrådmedlemene, medan Ulstein betalar 450 kroner og Hareid 468 kroner møtet.

Når det gjeld tapt arbeidsforteneste, betalar Sande kommune inntil 1.000 kroner per time på det som vert kalla legitimert tap. Hareid kommune betalar "fullt ut", medan Ulstein og Herøy legg ut for inntil 2.500 kr per dag. I Vanylven dekkjer kommunen inntil 3.000 kroner per dag for legitimert tap. Kommunane dekkjer også ein del av ulegitimert tap, frå inntil 400 kr per dag i Vanylven til 200 kr pr time i UIlstein og Herøy.

I Sande kjem det no opp sak om godtgjersle som ein del av innsparingsvurderingane. Det finst politiske krefter i Sande som ynskjer å skjere kraftig ned på løna til dei folkevalde.