Frédéric Chopin har skrive noko av det vakraste og mest lyriske som finst for piano. Det er vel knapt skapt noko meir melodiøst, noko meir sårt og innsmigrande enn Chopins valsar, nokturnar, masurkaer og polonesar.

Fyrstkomande søndag kan folket i Herøy og omland høyre desse vakre tonane i Fosnavåg konserthus. Då kjem den polske Chopin-meisteren Grzegorz Niemczuk til Herøy for å spele nettopp Chopin.

Stort internasjonal namn

Grzegorz Niemczuk er ein av dei fremste yngre pianistane i Polen i dag. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgaste utmerking.

I si korte karriere har han spelt med fleire av verdas fremste symfoniorkester. I tillegg til Europa har han også gjesta Amerika, Asia, Afrika og Australia. Han har allereie eit stort internasjonalt namn og har heile verda som sitt verkefelt. Han gjesta Noreg fyrste gong i 2010 og har spelt konsertar i Noreg kvart år sidan då.

I 2010 vann Grzegorz Niemczuk 1. pris i den store Chopin-konkurransen i Warszawa. I januar 2013 vann han Carnegie Halls debutantpris. Hans siste utmerking var publikumsprisen under Busan Maru International Music Festival i Sør-Korea hausten 2016. Denne prislønte pianisten kjem altså førstkomande søndag til Herøy for å spele Chopin i konserthuset.

Krevjande program

Konserten i Herøy har fått tittelen «Chopin i ord og tonar». Grzegorz Niemczuk vil då gi til beste eit program beståande av dei mest virtuose, dei vakraste og dei mest kjende stykka av Frédéric Chopin. Som polsk Chopin-meister er det alltid ei heilt spesiell glede for Grzegorz Niemczuk å formidle sin landsmanns musikk. Søndagens krevjande program vil til det fulle vise Grzegorz Niemczuks virtuositet og hans evne til å formidle kvart enkelt musikkstykke sin eigenart og kjenslemessige djupne.

Grzegorz Niemczuk er ikkje berre ein eminent og virtuos pianist, han er også ein strålande pedagog og kåsør. Som alltid når han opptrer, vil han også denne gongen fortelje om den musikken han skal framføre. Dette gjer ein konsert med Grzegorz Niemczuk til ei helt spesiell og givande oppleving. Grzegorz Niemczuk er no på ein turné i Noreg. Han skal halde konsertar i 7 konsert- og kulturhus.