– Dette vert garantert ei oppleving å få med seg, seier

initiativtakar til konserten, Marita Therese Voldnes frå Gjerdsvika.

Det blir arrangert to konsertar. Den fyrste blir arrangert i Volda kyrkje i dag, og i morgon på forsamlingshuset Fredtun i Gjerdsvika.

– Det er spesielt spennande å få kvintetten til Gjerdsvika. Eg trur ikkje det har vore ein treblåsekvintett her før, fortel Voldnes.

Musikarar frå Alicante

Den nykomponerte kvintetten er samansett av unge vener av Voldnes. Dei kjem frå Alicante-regionen i Spania.

– Dei er topp profesjonelle, klassisk skulerte musikarar med konservatorieutdanning. Dei har alle gått i lære med professorar i verdsklasse og vil spele eit fantastisk program for oss, fortel Voldnes i ei pressemelding.

Ho skriv også at ho vart kjend med fagottisten i kvintetten, Vicente Noguera Gracia, ettersom begge speler i symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda, og dette var opptakta til at ho fekk lyst til å lage ein konsert med kammermusikk.